Kvitbjørn-ulukka
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
68°26′04″N 15°57′02″E / 68.43443°N 15.95060°E «Kvitbjørn»-ulukka var ei norsk flyulukke som fann stad den 28. august 1947, då sjøflyet til Det Norske Luftfartsselskap «Kvitbjørn» i tett tåke traff fjellveggen rett ovanfor Urklubben i Lødingsfjellet i Lødingen, lengst sør i Tjeldsundet. Flyet var av typen Short Sandringham (reg. LN-IAV), levert 24. april 1947 som det fyrste av ein serie på 5 tilsvarande fly til DNL.
Flybåten var, då han havarerte, på veg frå Tromsø, via Harstad, Bodø, Hommelvik (ved Trondheim) til Oslo. Alle 35 ombord omkom i dette som til då var den største flyulukka i Noreg. Ombord var det 28 passasjerar (blant dei ein amerikansk og to tsjekkiske statsborgarar), og dessutan eit mannskap på sju.
Eit augevitne fortalde til NTB at dei hadde sett flyet koma i låg høgd over Tjeldsundet der det var tåke og lite oversiktleg vêr. Plutseleg byrja maskina å svinga, samstundes som ho steig og forsvann inn i tåka som omgav den om lag 400 meter høge Kvammetind (del av Lødingsfjellet). Like etterpå høyrde ein braket då maskina traff fjellveggen i 290 m høgd. Ulukka hende klokka 09.05 .
Årsaka til ulukka klår
endreRapporten frå Havarikommisjonen vart frigjeven i 2007. Styrten i fjellveggen vert sannsynlegvis skulda feilnavigering under vanskelege vêrforhold ved at flygarane i tett tåke tok feil av to holmar nytta som navigasjonspunkt, høvesvis Strandholmen og Hjertholmen (sjå Lødingen fyr). Den siste holmen ligg i samband med tettstaden Lødingen, og var eit navigasjonsmerke for å endra kursen på ferda ut Vestfjorden. Truleg vart dei to holmane forveksla, og dette førte til ein fatal kurs.
Minnetale
endreOm kvelden, same dag som ulukka skjedde, heldt biskop Berggrav ein minnetale over ulukka og dei etterlatne på NRK Radio.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kvitbjørn-ulykken» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2018.
Referansar
endre
Litteratur
endre- Lødingen lokalhistorielag (2007/2008) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka i 1947, ISBN 978-82-90924-11-4.
- Lødingen lokalhistorielag (2003/2004) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka 28. august 1947, ISBN 82-90924-09-7.
- Lødingen lokalhistorielag (1999/2000) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka. Katastrofen. Beretning om ein av dei omkomne. Ein frå hjelpemannskapa fortel, ISBN 82-90924-07-0.
- Lødingen lokalhistorielag (1981) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka som kravde 35 menneskeliv, ISBN 82-990715-2-6.