Short Sandringham

Short Sandringham var eit 4-motors passasjerfly utvikla frå det militære sjøflyet Short Sunderland. Flyet vart produsert etter andre verdskrigen av flyprodusenten Short Brothers.

Short Sandringham
Informasjon
Spesifikasjonar
        
Short S-25 Sandringham
Short Sandringham LN-LAI ved Fornebu.

Bakgrunn

endre

Sunderland-prototypen flaug fyrste gong 16. oktober 1937 og dei første Sunderland-flya vart leverte til RAF i 1938. Det vart utvikla 4 ulike variantar, Mark I–Mark V, og flyet vart bygd i 749 eksemplar. Mange av desse gjekk tapt under krigen, endel gjenverande Sunderland (ca. 40) vart i etterkrigstida bygd om til sivile passasjerfly og fekk namnet Short Sunderland. Skilnaden på desse var at Mark I-versjonen var utstyrt med Bristol Pegasus-motorar, medan Mark II var utstyrt med Pratt & Whitney R-1830-9OB Twin Wasp motorar.

Flyene vart levert til sivile selskap som BOAC i Storbritannia. ALFA i Argentina , Verdsett, TEAL og QANTAS i Australia, CAUSA i Uraguay og Det Norske Luftfartsselskap (DNL) i Noreg.

Sandringham i norsk teneste

endre

I Det Norske Luftfartsselskap vart flya brukt i den flyvende hurtigrute mellom Oslo og Tromsø i sommarsesongen frå 1947 til 1951. Det vart skaffa i alt 5 fly som alle vart registrert i Norges luftfartøyregister:

  • LN-IAV Kvitbjørn, levert 24. april 1947. Forulykket 28. august 1947 i Tjeldsundet. Sjå Kvitbjørn-ulukka.
  • LN-IAW Bukken Brusa, levert 25. mai 1947. Havarert under landing 2. oktober 1948 i Hommelvik. Sjå Bukken Bruse-ulukka.
  • LN-IAU Bamse Brakar, levert 16. juni 1947, sank 15. mai 1950, i Harstad hamn like etter avgang. Alle ombord berget.
  • LN-LAI Jutulen, Levert 4. mai 1948. I trafikk fram til oktober 1951. Utleidd ut til eit fransk selskap i Bangul i Nigeria. Flyet sokk ved fortøyningsbøyen 16. november 1952,
  • LN-LMK Polarbjørn, levert 11. juni 1949. Selt 25. mai 1955 til Argentina (Ny reg.: LV-PAE, seinare LV-AHM). Hogge opp i 1967 i Buenos Aires.[1]

Spesifikasjonar (Short Sandringham Mk II)

endre

Generell karakteristikk

endre
  • Mannskap: 5-7
  • Kapasitet: 37-39 passasjerar (max)
  • Lengd: 26,3 m.
  • Vengespenn: 21,80 m.
  • Høgd: 10,2 m.
  • Vingeflate: 138,3 .
  • Tomvekt: 17 300 kg
  • Lastekapasitet: (kg)
  • Max. takeoff: 27 250 kg.
  • Motorar: 4 Pratt and Whitney R-1830-92D, 14 sylindret stjernemotor 1 200 Hk kvar

Yting

endre
  • Toppfart: 350 km/t.
  • Marsjfart: 228 km/t.
  • Rekkjevidd: 3 600 [[km{]].
  • Max. høgd: 5 600 m,
  • Stigningsrate: 2,6 m/sek.

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. «Airframes Profile for: Short Flying Boat msn 71». 

Bakgrunnsstoff

endre