Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°21′18.31″N 8°31′26.64″E

Kviteseid gamle kyrkje
kyrkje
Kvitseid old church (1200 A.D.).jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Kviteseid
Fellesråd Kviteseid
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd Usikkert
 - Vigd til Heilag-Olav
 - Endringar M.a. 1713–14, 1800-talet
Takryttar Av tre, frå 1800-talet
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont renessansestil
Altartavle 1732 el. 1777[1], nyklassisk (motiv: nattverda og krossfestinga)
Orgel Olsen & Jørgensen, 1922 (op. 492; rest. 2002)
Sitjeplassar 200
Diverse Epitafium på korveggen. Kalkmåleri, innviingskrosser og inskripsjonar. Tåreforma stein («St. Olavsbrød») i koret.
Wikimedia Commons: Kviteseid gamle kirke
Altaret i Kviteseid gamle kyrkje
Foto: Anne Brit Borgen

Kviteseid gamle kyrkje er ei langkyrkje av stein i Kviteseid kommune i Telemark. Kyrkja står i nærleiken av Kviteseid bygdetun.

Kyrkja var i mange år datert til midten av 1100-talet, men nyare forsking peikar mot ca. 1260.[2] Kan hende har forskjellige delar forskjellige aldrar. Kyrkja er uansett ei av dei eldste kyrkjene i Telemark. Våpenhuset framfor portalen er frå 1700-talet, og takryttaren er frå 1800-talet.

Kyrkja har innviingskors frå 1200-talet i koret, og det er avdekka kalkmåleri og inskripsjonar frå 1500- og 1600-talet. Himlinga vart endra i 1713–14 og er dekorert med blomerankar måla av Thomas Blix. Blix har òg dekorert galleribrystninga i skipet.

Kyrkja står usentralt i bygda og vart som soknekyrkje avløyst av Kviteseid nye kyrkje i 1916. Ho vart forsiktig restaurert i 1929 og 1969.

Orgelet vart i si tid bygd for Flatdal kyrkje, og vart restaurert av Henrik Brinck Hansen og montert i Kviteseid gamle kyrkje i 2002.

KjelderEndra

  • Mosdøl, Olav, red. (2010). Kviteseid gamle kyrkje 750 år. Jubileum 2010. Kviteseid sokneråd. ISBN 978-82-303-1551-4. 
  • Ekroll, Øystein; Havran, Jiri (2000). «Kviteseid kirke». Kirkene i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 106-109. ISBN 82-91399-09-3. 
  • Henriksveen, Herman, red. (1986). «Kviteseid gamle kyrkje». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 146-147. ISBN 82-90695-00-4. 
  • Kyrkjesøk – Kviteseid gamle kyrkje

BakgrunnsstoffEndra

FotnotarEndra

  1. «Kirker i Norge» daterer tavla til 1777, medan fleire andre opererer med dateringa 1732.
  2. Sjå t.d. reportasje i Vest-Telemark blad frå 2008 om arbeid utført av Ola Storsletten frå NIKU. Storsletten daterer botnsvilla til omkring 1260.