Kvitsøy kyrkje
Kvitsøy kyrkje står på Kvitsøy i Kvitsøy kommune i Rogaland, og er ei tømra langkyrkje frå kring 1620.
Kvitsøy kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Roar Johansen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Tungenes | ||
Sokn | Kvitsøy | ||
Fellesråd | Kvitsøy | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | tømra | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Døypefont | i kleberstein, frå kring 1100 | ||
Sitjeplassar | 150 | ||
Kvitsøy kyrkje 59°03′50″N 5°24′56″E / 59.06388889°N 5.41555556°E |
Innvendig er tømmerveggane midtskips rosemåla. Døypefonten er i kleberstein og er frå kring 1100. Han stod truleg tidlegare i St. Clemenskyrkja på Krossøy. St. Clemenskyrkja var soknekyrkje for Kvitsøy fram til Kvitsøy kyrkje vart bygd. Det er berre tuftene att av kyrkja på Krossøy, men lenger sør på øya står framleis den nær fire meter høge steinkrossen som øya har namn etter.[1]
Kvitsøy kyrkje er freda.
Kjelder
endre- Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Kvitsøy kirke», s. 436
Referansar
endre- ↑ «Kyrkjeruin på Kvitsøy Ca. 1100 e.Kr.» på nettstaden fornminner.no, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 19. mars 2009
Bakgrunnsstoff
endre- Om Kvitsøy sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Om kyrkja på nettsidene til Kvitsøy kommune[daud lenkje]
- Eldre fotografi av Kvitsøy kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- «Kirkebøker, Rogaland» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Kvitsøy kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.