Kvutzat Yavne (hebraisk skrift קְבוּצַת יַבְנֶה) er ein religiøs kibbutz i Sentral-Israel i Israel. Han ligg på kystsletta like aust for Ashdod og høyrer til Hevel Yavne regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 100.

Kvutzat Yavne
קְבוּצַת יַבְנֶה
landsby
Land  Israel
Region Kystsletta
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Yavne
Koordinatar 31°48′55.08″N 34°43′13.43″E / 31.8153000°N 34.7203972°E / 31.8153000; 34.7203972
Folketal 964 (2019)[1]
Grunnlagd 1941
 •  Grunnlagd av tyske immigrantar
Tilhøyrsle Den religiøse kibbutzrørsla
Kart
Kvutzat Yavne
31°48′55″N 34°43′13″E / 31.8153°N 34.720397222222°E / 31.8153; 34.720397222222
Wikimedia Commons: Kvutzat Yavne

Historie

endre

Ideen om Kvutzat Yavne kom frå Tyskland. Meininga var at grunnleggjarane skulle gjere området nær den antikke Yavne (som han er kalla opp etter) ein stad for ein religiøs kibbutz og ein yeshiva. Desse grunnleggjarane, som var medlemmar av den religiøse sionist-rørsla, byrja å førebu seg for jordbruksarbeid på tyske gardar i 1929. Kort tid etter immigrerte dei til Palestinamandatet. Dei slo seg først ned nær Petah Tikva på landområde kjøpt av eit jødisk-eigd, tysk selskap. Til slutt, i 1941, byrja ei gruppe på 180 tyske sionistar å byggje Kvutzat Yavne der han vart planlagt. Kibbutzen fortsette å vekse, og fleire innbyggjarar frå Tyskland, USA og Israel kom til. Han vart kjend som opphavet til Den religiøse kibbutzrørsla, som kibbutzen er tilknytt.

Økonomi

endre

Det meste av jordbruksproduksjonen i Yavne er innan avlingar, frukthagar, fjørkre og meieridrift. Her fins fabrikkar for handsaming av oliven og agurkar, Adi klokkefabrikk,[2] og den største kyllingklekkeriet i landet (med 600 000 kyllingar per dag). Her ligg òg Yeshivat Kerem B'Yavneh, den første Hesder Yeshiva.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre