Kyrkjebåt er ein båt som tradisjonelt har vore bruka til å ro til kyrkja frå frå ei grend som soknar til kyrkja[1]. Dei var som oftast lange og smale for at dei skulle vera lettrodde, men dei kunne variera mykje både i storleik og utforming. Firekneipingar (åttringar) og femkneipingar (tiæringar) var vanlege kyrkjebåtar[1]; «Fjordamerra», bygd i 1842 Årvågfjorden i Aure kommune.

Kopi av kyrkjebåten «Fjordamerra», med sju par årar, bygd i 1842 i Årvågfjorden.
Foto: Olve Utne

I Sverige var kyrkjebåtat med 8-10 par årer vanlige, men nokre hadde 12 par[2]. I fylje Eskeröd[2] kunne dei største båtena ta 80 til 90 personar. Bilete i [2] syner at det sat folk mellom roarane og på ripa. Men det var på vatn i innlandet, som Siljan.

Når det var bryllaup sat som oftast brura i kyrkjebåten og resten av fylgjet, som det ikkje var plass for, rodde i andre båtar, som seksringar og færingar. Det var ofte kapproing og det var stor skam og noko rodde frå brurebåten. Kyrkjebåtane vart og bruka for å ro til tinget og i samband med gravøl.

Galleri endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Ø. Færøyvik, Vestlandsbåtar - Frå oselvar til sunnmørsåttring, Norske båtar bind V, Grøndal & søn forlag AS, 1987.
  2. 2,0 2,1 2,2 A. Eskeröd, Kyrkobåtar och kyrkobåtfærder, LTs förlag, 1973.