Kystpilegrimsleia

Kystpilegrimsleia er namnet på pilegrimsvegen som går langs vestkysten av Noreg og ender i Nidarosdomen i Trondheim.  Kystpilegrimsleia er et prosjekt i samarbeid mellom fire fylkeskommunar og fire bispedøme for å lage et heilheitleg og berekraftig reiselivsprodukt som fremmar kulturminne og gjev ei eiga oppleving av Fjord-Noreg.

Eikefjord langs pilegrimsleia.

Historie endre

Kystpilegrimsleia langs norskekysten var ein av dei viktigaste og kanskje mest brukte pilegrimsrutene i mellomalderen til Nidaros (Trondheim), der relikviane etter den norske heilagkongen Sankt Olav vart teke vare på. Kystpilegrimsleia er nemnt i skriftlege kjelder allereie på slutten av 1000-talet.

Valfartsstaden Nidaros er omtalt i historiske kjelder allereie i 1075 – i Adam av Bremen sitt bokverk «Bremens Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum»[1]. Her er også dei ulike pilegrimsrutene til Nidaros nemnt, mellom anna kystpilegrimsleia: «Viss ein seglar frå Ålborg eller Vendsyssel i Danmark, kjem ein i løpet av ein dag over til Viken, som er ein by i Noreg (truleg Oslo). Derfrå held ein til venstre og seglar langs Noregs kyst, og på den femte dagen når ein fram til byen Trondheim. Ein kan også reise ein anna veg, som fører frå danskane sitt Skåne over land til Trondheim. Men denne vegen over fjella tek lengre tid, og ettersom han er farefull, blir han unngått av reisande.» Sjøvegen – Kystpilegrimsleia – utgjorde såleis, ifølgje Adam av Bremen, den viktigaste mest brukte ferdselsåra til Nidaros, sjølv om også sjøvegen kunne vere farefylt, med skiftande vêr og piratar. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta her, anten for å reise heile vegen til Nidaros, eller for å vitje mange av dei lokale pilegrimsmåla.

Pilegrimsvandring i mellomalderen endre

Omgrepet pilegrim kjem av det latinske ordet peregrinus som betyr framand eller utanlandsk, og ein pilegrim er ein person som åleine eller i flokk føretek ei reise til ein heilag stad av åndelege årsaker. Pilegrimsvandringar er eit viktig trekk ved mange religionar, som hinduismen, islam, jødedomen og kristendommen, og det er særleg stader der sentrale religiøse hendingar har funne stad som utgjer viktige pilegrimsmål[2]. Pilegrimsreisene har gjennom historia vore mange og hatt forskjellig karakter. Dei har likevel i stor grad handla om at menneska har anstrengt seg fysisk for å nå eit åndeleg mål[3]. Dei kristne pilegrimsvandringane begynte tidleg på 300-talet, og dei tok for alvor til i 326 med mor til keisar Konstantin – Helena – si pilegrimsferd til Palestina[4] . Dei fremste valfartsstadene var Betlehem, Jerusalem og Roma. Det fanst også ei rekke valfartsstader av lågare rang, t.d. kyrkjer der ulike relikviar vart oppbevara eller stader der gravene til nasjonalhelgenar stod. Med Olav Haraldsson sitt fall på Stiklestad i 1030 fekk Noreg sin nasjonalhelgen – Olav den heilage – og skrinet hans i Nidaros vart det mest kjente pilegrimsmålet i Nord-Europa gjennom heile mellomalderen – frå 1030 til reformasjonen 500 år seinare. Det var ulike grunnar til å gjere ei pilegrimsreise, og motiva for å delta kunne vere blanda. Generelt ser det ut til å ha vore to drivkrefter for pilegrimsfenomenet i mellomalderen. Den eine var folk sitt håp og ønskje om på mirakuløst vis å bli frisk frå sjukdom, og eit dominerande motiv i tidleg mellomalder var læking av sjukdom ved helgenrelikviar og takke-valfart etter å ha blitt frisk. Fortellingar om mirakel ved helgengraver, relikviar og krossar, var ein sterk motivasjon for mange. Pilegrimar reiste likevel ikkje berre av religiøse grunnar. Mange pilegrimar, også i mellomalderen, var like mykje turistar som religiøst søkande. Rein reiselyst eller eventyrlyst kunne såleis vere ein god grunn for å reise i pilegrim[5]. Pilegrimsreiser kunne også bli kombinert med diplomatiske oppdrag, særleg ved stormenn og geistlige sine Roma-reiser. Pilegrimane kunne komme frå alle samfunnsklassar og representerte alle sosiale grupper - både fattige og rike[6]. Den andre drivkrafta var kyrkja si interesse for makt og inntekter – som i stor grad kom til uttrykk gjennom avlatsfenomenet. Avlat er ei ettergiving av idømt straff for synd. Avlat var særleg aktuelt der pilegrimsreisa vart føreteke som eit botshandling, og dette har truleg også bidrege til å stimulere valfarten til kyrkjer med avlatsprivilegium – som t.d. domkyrkjene [6]. Mot slutten av mellomalderen utvikla avlatssystemet seg til ein reint kommersiell marknad der avlat vart gitt i bytte mot reine pengebidrag til meir eller mindre fromme formål. Avlatshandelen gav store inntekter, og besittelse av avlatsprivilegiar hadde etter alt å dømme stor økonomisk betyding for kyrkje og kloster[7]. Kyrkja si maktinteresse var sannsynlegvis mest framtredande ved dei store pilegrimsmåla, mens folk sitt behov gjerne var meir knytt til dei små, lokale pilegrimsmåla[7].

Pilegrimsreisa kunne slik bli gjort som ein innfriing av eit løfte og ho kunne vere ei botsgjerning for grove og straffbare synder. I slike tilfelle skulle ikkje pilegrimsreisa vere lett å gjennomføre[6]. For menneske som søkte helsebot var helgengraver og undergjerande relikviar ved pilegrimsmålet det viktigaste. Men for dei som gjennomførte pilegrimsferda som ei botshandling var den strabasiøse ferda hovudpoenget[8]. Uansett motiv var det viktig at pilegrimsreisa vart gjennomført. Det vart betrakta som ei stor synd å ikkje holde eit løfte om pilegrimsferd[6].

Utviklingsprosjektet Kystpilegrimsleia endre

Prosjektet leias av ei prosjektgruppe med deltakarar i frå heile kysten og prosjektetleiar har base i Førde ved Sogn og Fjordanes fylkeskommune. Eit sentralt mål med arbeidet er å etablere Kystpilegrimsleia som ei samanhengande reiserute langs kysten med utgangspunkt i kulturminne, heilagstader og et heilhetlig reiselivstilbod . Ein ønskjer slik å integrere kysten i det nasjonale pilegrimsarbeidet. Bruk av leia skal fremme kunnskap om historie og kulturminne, miljøforståing, fysisk aktivitet og folkehelse, samt tilrettelegging for bruk og vern av kulturarven. Prosjektet skal slik løfte fram historia langs kysten som grunnlag for utvikling av kunnskap gjennom forsking og formidling – og etablere samband med forskingsmiljø. Målet er å få i gang ei internasjonal reiselivssatsing og gi ei djupare oppleving av kysthistorie, pilegrimstradisjonar, kyrkjehistorie og den kristne trua, samt dei kulturhistoriske aspekta rundt dette.

Pilotprosjektet endre

Pilotprosjektet Pilegrimsleden – dvs. leia i innlandet – blei starta opp i 2006 som eit av fleire prosjekt i Riksantikvaren sitt Verdiskapingsprogram. Hovudmålet med pilotprosjektet var å betre kvaliteten på pilegrimsleia til Nidaros. Prosjektet har hatt fokus på skjøtsel av sjølve vegtraseen frå Oslo til Nidaros, kulturminne langs leia, merking og overnattingstilbod. Eit anna mål har vore auka næringsutvikling, til dømes i form av fleire overnattingsstadar, organiserte turar og pakkeløysingar – fleire tilgjengelege, kommersielle produkt. Utgreiinga ”Pilegrimsmotivet som nasjonal satsing” trakk opp liner for ei nasjonal pilegrimssatsing med utgangspunkt i Nidaros som pilegrimsmål. I samband med høyringa i 2009 påpeikte mange aktørar at kysten som pilegrimsveg har fått lita merksemd i utgreiinga. I april 2010 vart ein kystpilegrimskonferanse arrangert av Selje kommune i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Bjørgvin bispedøme, Venner av Selja kloster, Nidaros pilegrimsgård og Musea i Sogn og Fjordane. Konferansen var eit initiativ til ei målretta og godt samordna satsing for å auke medvitet kring pilegrimstradisjonar langs heile kysten. Ved å løfte kystdimensjonen i den nasjonale pilegrimssatsinga, vil ein kunne styrke alle pilegrimsmiljø i Noreg - både kulturminne undervegs og hovudmålet Nidaros.

Eit sentralt mål er å etablere Kystpilegrimsleia som ei samanhengande reiserute langs kysten – med sikte på å opprette ei Pilegrimslei (St. Olavsvegane til Nidaros) og Europeisk kulturveg med utgangspunkt i kulturminne og heilagstader. Ein ønskjer slik å integrere kysten i det nasjonale pilegrimsarbeidet. Bruk av leia skal fremme kunnskap om historie og kulturminne, miljøforståing, fysisk aktivitet og folkehelse, samt tilrettelegging for bruk og vern av kulturarven. Prosjektet skal slik løfte fram historia langs kysten som grunnlag for utvikling av kunnskap gjennom forsking og formidling – og etablere samband med forskingsmiljø. Målet er å få i gang ei internasjonal reiselivssatsing og gi ei djupare oppleving av kysthistorie, pilegrimstradisjonar, kyrkjehistorie, samt dei kulturhistoriske aspekta rundt dette.

Samarbeidspartnarar endre

Kystpilegrimsleia er et prosjekt i samarbeid mellom fem fylkeskommunar Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, og fire bispedøme; Stavanger, Bjørgvin, Møre og Nidaros.

Kjelder endre

  1. Boka er omsett til norsk: Adam av Bremen: Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden : Fra latin, med innledning, noter og register ved Bjørg Tosterud Danielsen og Anne Katrine Frihagen : Etterord ved Helge Ingstad. Oslo 1993. Aschehoug. ISBN 82-03-20028-1
  2. Molland, Einar 1968: Pilegrim. KLNM XIII. S. 292-295. København. (Ein artikkel i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder fra vikingetid til reformationstid = Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder fra vikingtid til reformasjonstid, avstytta til KLNM; KLNM band XIII, side 295-299. København).
  3. Prusac, Marina, Mona Bramer Solhaug og Marianne Vedeler 2009: På spor av Gud? Pilegrimsreiser i middelalderens kristenhet. Oslo. ISBN 978-82-7099-555-4
  4. Molland, Einar 1968: Pilegrim. KLNM XIII. S. 292-295. København.
    Molland, Einar 1968: Pilegrim. Noreg. KLNM XIII. S. 295-299. København.
  5. Gilhus, Ingvild Sælid 2009:Pilegrimsreiser. I: På spor av Gud? Pilegrimsreiser i middelalderens kristenhet. (Prusac, Marina, Mona Bramer Solhaug og Marianne Vedeler, red.). s. 45-51. Oslo.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Hager-Saltnes, Martin 2009: Pilegrimen. I: På spor av Gud? Pilegrimsreiser i middelalderens kristenhet. (Prusac, Marina, Mona Bramer Solhaug og Marianne Vedeler, red.). s. 11-19. Oslo.
  7. 7,0 7,1 Bjelland, Ragnhild 2000: Bot og Bedring. Den norske pilegrimstradisjonen i middelalderen. Upublisert hovudfagsoppgåve i historie ved Universitetet i Oslo.
  8. Olsen, Harald 2013: Havets pilegrimer. Oslo. ISBN 978-82-543-1203-2

Bakgrunnsstoff endre