Lévkara
Lévkara (gresk Λεύκαρα, tyrkisk Lefkara) er eit område i distriktet Lárnaka i Republikken Kypros. Lévkara ligg oppe i fjella mellom Lárnaka og Lemesós, og har blitt eit svært populært utfluktsmål for turistar.
Lévkara Λεύκαρα Lefkara | ||
---|---|---|
Lévkara er kjend for handverk, dette er ein brodeributikk | ||
Styresmakter | ||
Geografi | ||
Koordinatar | 34°52′N 33°18′E / 34.867°N 33.300°E | |
Plassering | ||
Administrativt er området delt i:[1]
- kommunen Lévkara, som berre omfattar busetnaden Páno (=Øvre) Lévkara (762 innbyggjarar)
- busetnaden Káto (=Nedre) Lévkara som ikkje er ein del av kommunen (128 innbyggjarar)
Handverk
endreLévkara har blitt hovudstaden i handverksindustrien på Kypros og er fyrst og fremst kjend for kniplingane sine i den såkalle Levkaritika-stilen. Ifølgje legenda besøkte Leonardo da Vinci bygda i 1481, og kjøpte ein lys klut til høgaltaret i Duomo di Milano.[2][3][4]