Båhus festning

(Omdirigert frå Bohus fästning)

57°51′43″N 11°59′58″E / 57.86194°N 11.99944°E / 57.86194; 11.99944 Båhus festning, som på svensk heiter Bohus fästning, (norrønt Bágahús etter Bagaholmen som festninga ligg på), er ei festning, no i ruinar, som ligg på ein 40 meter høg skrent attmed Nordre älv ved byen Kungälv i Sverige. Festninga er opphavleg frå mellomalderen, då Båhuslen var norsk land, og fungerte då som ei norsk grensefestning. Men festninga vart svensk i 1658 i samsvar med at Båhuslen vart overteke av Sverige ved fredsavtala i Roskilde. Festninga har gjeve namn til lenet Båhuslen, som seinare vart til det svenske landskapet Bohuslän.

Båhus festning ligg litt nord for Gøteborg, godt synleg frå både Europaveg 6 nord for byen og Europaveg 20 aust for byen.
Båhus festning
Grenseområdet mellom Noreg, Sverige og Danmark fram til 1658. Båhus på Bagaholmen er markert med talet 9.

Den fyrste festninga på staden vart bygd i 1308 av den norske kongen Håkon 5. Magnusson som ein motvekt til festninga på Ragnhildsholm i Nordre älv attmed den norske mellomalderbyen Konghelle, som den svenske hertugen Erik Magnusson av Södermanland hadde fått kontroll over. Til å byrje med var festninga bygd i tre, men vart med tida kraftig forsterka ved at stein vart teke i bruk som byggemateriale, og kom til å verte eit av dei sterkaste festningsverka i Norden. Ettersom festninga hadde kontrollen over grensealva Göta älv, vart ho ei av dei viktigaste i Noreg i si tid.

Eit omfattande ombyggings- og utvidingsarbeid vart sett i gang i 1584 for å gjere Båhus festning til ei moderne festning for si tid, med murar utstyrt med forsvarstårn (kurtinar med bastionar). I 1676-1679, altså etter at festninga hadde vorte svensk, fekk ho store skader under krigshandlingane mellom Sverige og Danmark-Noreg i den såkalla Gyldenløvefeiden, men vart deretter reparert og forsterka ved mellom anna at det opphavleg firkanta tårnet Fars Hatt vart bygd om til eit meir solid og sterkare væpna rundt tårn.

Festninga vart lagd ned i 1789, og folk i området fekk då løyve til fritt å take stein frå bygningane og festningsverka som byggjemateriale til eige bruk. Men under dei romantiske strøymingane på byrjinga av 1800-talet, då ruinar og bygningsleivningar fekk eige verde i seg sjølv, vart det interesse for å take vare på det som framleis var att av festninga, og ved kongeleg vedtak i 1838 vart ruinane verna mot ytterlegare øydeleggingar. I åra 1898 til 1904 vart det gjort store utgravings- og konserveringsarbeid på festninga.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre