Løkta er ei øy i Dønna kommune i Nordland. Øya er på 17 km² og ligg ved utlaupet av Ranafjorden. Utgraviningar viser meir enn 5000 år gamle busetjingar på øya. Øya har eige kyrkjebygg, Løkta kyrkje.

Løkta
Løkta sett frå søraust. Foto: Finn Rindahl
Løkta sett frå søraust.

Foto: Finn Rindahl

Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 66°09′37″N 12°43′45″E / 66.16028°N 12.72917°E / 66.16028; 12.72917

Areal 17 km²

Høgaste punkt Sandåkerfjellet (238 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 140
Folketettleik 8,2 /km²

Viktige næringsvegar er jordbruk og fiske. Helgelandske driv ferjesamband til Dønna og til Sandnessjøen og snøggbåtsamband til Nesna. Nordlandsekspressen mellom Bodø og Sandnessjøen kan også få anløp av Løkta ved behov.

Bakgrunnsstoff

endre