Lørenskog kyrkje

kyrkje i Lørenskog i Akershus

Lørenskog kyrkje er ei langkyrkje i Lørenskog kommune i Akershus fylke.

Lørenskog kyrkje
kyrkje
Lørenskog kyrkje
Foto: Bernt Rostad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Nedre Romerike
Sokn Fjellhamar
Fellesråd Lørenskog
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 1150–1250
 - Vigd til Laurentius
 - Endringar M.a. 1670-åra, 1694, 1706, 1861–64, 1895, 1946
Tårn I vest (bindingsverk), 1864
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1658
Orgel Ryde & Berg (2020)[1]
Sitjeplassar 140
Diverse Laurentiusfigur frå 1100-talet
Kart
Lørenskog kyrkje
59°55′28″N 10°59′05″E / 59.92457611°N 10.984794°E / 59.92457611; 10.984794
Wikimedia Commons: Lørenskog kirke

Kyrkja er av stein (men vesttårnet av tre, i bindingsverk), og kyrkja vart oppført i mellomalderen, truleg ein gong i tidsrommet 1150–1250. Tårnet seiast å vere frå 1864, sjølv om årstalet 1861 er på vindfløya. Eit mursakristi frå 1694 vart i 1895 erstatta med to tresakristi, som so vart erstatta med eit nytt i 1946.

Interiøret vart pussa opp i 1935 og inventaret restaurert av Finn Krafft. Ny oppussing følgde i 1956.

På kyrkjegarden, som er kommunens einaste, står eit gravkapell frå 1923.

Bilete endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Ryde & Berg opus 116
  Denne kyrkjeartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.