Laimdota Straujuma

latvisk økonom og politikar

Laimdota Straujuma (fødd 24. februar 1951) er ein latvisk politikar som var statsminister i Latvia frå 22. januar 2014[1] til ho trekte seg 7. desember 2015.[2] Ho blei etterfølgd av Māris Kučinskis 11. februar 2016.

Laimdota Straujuma

Fødd24. februar 1951 (73 år)
Mežvidi sokn
Statsborgar avLatvia
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom, matematikar
Utdanna vedUniversitetet i Latvia
Latvias vitenskapsakademi
Alle verv
  • Latvias statsminister (2014–2016)
  • Minister of Agriculture (2011–2014)
  • medlem av Saeima (2014–2014)
  • medlem av Saeima (2016–2018) Sjå dette på Wikidata
Straujuma med føregangaren sin Valdis Dombrovskis den 22. januar 2014, dagen ho overtok som statsminister.

Bakgrunn

endre

Straujuma har ein doktorgrad i økonomi frå Universitetet i Latvia. Ho har arbeidd ved Institutt for økonomi ved Det latviske vitskapsakademiet.[3]

Politisk virke

endre

I 1999 blei Straujuma visestatssekretær i landbruksdepartementet og året etter statssekretær, ein post ho hadde til desember 2006. Frå januar 2007 til desember 2010 var ho statssekretær i regional- og kommunaldepartementet. Frå januar til oktober 2011 var ho visestatssekretær i departementet for miljøvern og regional utvikling.[4] I oktober 2011 blei ho landbruksminister i regjeringa til Valdis Dombrovskis.[3] Partiet Vienotība nominerte ho til regjeringsposten.[3] I januar 2014 blei ho medlem av partiet.[5]

Etter at Valdis Dombrovskis gjekk av som statsminister, blei Straujuma 6. januar 2014 beden om å danne regjering av president Andris Bērziņš.[3] Ho overtok som statsminister den 22. januar 2014.

Kjelder

endre
  1. prezidente Laimdota Straujuma» Arkivert 29. januar 2014 på Wayback Machine., Latvias regjering.
  2. «Latvias statsminister går av». E24. 7. desember 2015. Henta 7. desember 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Latvias first ever female Prime Minister», Baltic Times, 6. januar 2014.
  4. for Agriculture. Laimdota Straujuma» Arkivert 4. desember 2013 på Wayback Machine., The Cabinet of Ministers of the Republic of Latvia.
  5. Bērziņš Asks L.Straujuma to Form the New Government of Latvia» Arkivert 10. januar 2014 på Wayback Machine., Latvia.eu.