Valdis Dombrovskis

latvisk politikar

Valdis Dombrovskis (fødd 5. august 1971) er ein latvisk politikar og statsminister i Latvia frå 12. mars 2009 til 22. januar 2014. Han er medlem i det konservative partiet Vienotība (Eining).

Valdis Dombrovskis

Fødd5. august 1971 (53 år)
Riga
Statsborgar avLatvia
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom, fysikar
InstitusjonarUniversitetet i Latvia
Utdanna vedUniversitetet i Latvia
Det tekniske universitetet i Riga
Johannes Gutenberg-universitetet i Mainz
University of Maryland
EktefelleĀrija Dombrovska
VervStatsminister i Latvia 2009-2014
FøregangarIvars Godmanis
EtterfylgjarLaimdota Straujuma
Alle verv
  • Latvias statsminister (2009–2014)
  • Medlem av Europaparlamentet (2014–2014)
  • medlem av Saeima (2010–2010)
  • medlem av Saeima (2011–2011)
  • medlem av Saeima
  • medlem av Saeima (2014–2014)
  • Medlem av Europaparlamentet (2004–2009)
  • Europakommissær for handel (2020–)
  • European Commissioner for Internal Market (2016–2020)
  • Minister of Finance (2002–2004)
  • European Commissioner for An Economy that Works for People (2019–)
  • Visepresident i Europakommisjonen (2019–) Sjå dette på Wikidata

Dombrovskis vart fødd i Riga i det dåverande Sovjetunionen. Han studerte ved fakultetet for fysikk og matematikk ved Universitetet i Latvia i Riga. Han tok bachelorgrad i økonomi for ingeniørar ved Riga teknologiske universitet i 1995 og mastergrad i fysikk frå Universitetet i Latvia i 1996. 1995-1996 var han laborant ved fysisk institutt ved Universitetet i Mainz i Tyskland, ved Universitetet i Riga i 1997 og som forskingsassistent ved fakultetet for elektronikk ved Universitetet i Maryland i USA i 1998. 1998-2002 jobba han i den latviske nasjonalbanken som sjeføkonom.

Dombrovskis har vore styremedlem i partiet Ny æra sidan 2002. Han har vore parlamentsmedlem i Latvia sidan 2002 og medlem av Europaparlamentet sidan Latvia vart med i EU i 2004. 2002-2004 var han finansminister i Latvia.

Etter at Ivars Godmanis søkte avskjed som statsminister 26. februar 2009 grunna handteringa av den internasjonale finanskrisa, fekk Dombrovskis i oppdrag å skipa ny regjering i Latvia. Regjeringa vart godkjent av parlamentet 12. mars og er ein brei sentrum-høgre-koalisjon av fem parti, inkludert dei tre største partia ved parlamentsvalet, i 2006. Dombrovskis sitt parti er det tredje største av dei. Som 37-åring vart Dombrovskis den yngste statsministeren i Europa då han overtok stillinga.

Dombrovskis uttalte då han vart statsminister, at den viktigaste oppgåva som venta han var å kutta i budsjettet. Han åtvara om at Latvia var på randen av konkurs, og at det måtte gjerast budsjettkutt på over 700 millionar lat (1 milliard US-dollar).[1]

Kjelder

endre