Lainioälven
Lainioälven eller Lainio älv (tornedalsfinsk Lainionjoki eller Lainionväylä, på svensk òg kalla Urälven) er ei elv i Norrbottens län i Sverige. Ho er ei sideelv til Torne älv, og er 266 km lang.
Lainioälven | |||
elv | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Lengd | 266 km | ||
Kjelde | Råstojaure | ||
• høgd | 678 moh. | ||
Lainioälven 68°32′15″N 21°02′29″E / 68.5375°N 21.041388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Lainioälven |
Elva vert danna ved samløpet av tilløpselvane Harrejåkkå og Råstätno, som begge har utspring frå grenseområda mot Målselv kommune i Troms fylke i Noreg. Elva munnar ut i Torne älv rundt 10 km søraust for Junosuando. Dei største sideelvane er Pulsujoki, Åggojokka og Saankijoki. Tettstader langs Lainioälven er Kangos og Övre Soppero.
Lainioälven vert rekna som ei fiskeelv, og har rike førekomstar av gjedde, åbor, harr, og laks i juli og august.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lainioälven» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Lainio Vildmark Arkivert 2019-08-29 ved Wayback Machine. – bilete og info