Lajos Szentgáli (7. juni 19322. november 2005) var ein ungarsk friidrettsutøvar frå Budapest som tevla på mellomdistansane. Han vart europameister på 800 meter i 1954.

Lajos Szentgáli
Statsborgarskap Ungarn
Fødd 7. juni 1932
Budapest
Død

3. november 2005 (73 år)
Budapest

Yrke mellomdistanseløpar
Høgd 169 centimeter

Aktiv endre

Szentgáli deltok på det ungarske stafettlaget på 4×400 meter under sommarleikane 1952 i Helsinki. Laget rauk ut allereie etter kvalifiseringsløpa.

I landskampen mot Noreg i Oslo den 2. august 1954 forbetra Szentgáli den ungarske rekorden på 800 meter til 1.49,0. Kort tid etter vann han distansen ved universiaden. Den 28. august sprang han ved europameisterskapen i Bern inn til siger på 1.47,1, framom belgiaren Lucien de Muynck på 1.47,3 og norske Audun Boysen på 1.47,4.

Szentgáli forsvarte i 1955 sigeren ved universiaden. Seinhaustes 1956 var han på plass i Melbourne under dei olympiske leikane, utan å makte å ta seg vidare frå kvalifiseringsheata. Derimot nådde han finalen ved europameisterskapen 1958 i Stockholm, der enda han opp med ein femteplss på tida 1.48,3.

Szentgáli vart ungarsk meister på 800 m i 1954, 1956-59 og 1961. I 1961 vann han også 1500-meteren. Same året forbetra han sin personlege rekord på 1500 meter til 3.43,0. Hans ungarske rekord på 800 meter frå 1954 på 1.47,1 stod seg i 26 år.

Kjelder endre