Agassiz-sjøen

(Omdirigert frå Lake Agassiz)

Agassiz-sjøen eller Lake Agassiz var ein innsjø som fanst ved slutten av den siste istida i USA. Han var oppdemd mellom vasskilje i sør og innlandsisen i nord i Red Riverdalen i det som i dag er North Dakota. Innsjøen var 1100 km lang og 400 km brei og dekte området der Dei store sjøane ligg i dag, det vil sei i grenseområdet mellom USA og Canada. Han er kalla opp etter den amerikanske naturforskaren Louis Agassiz, som i 1879 postulerte at sjøen må ha vore skapt av istidssmeltinga.

Sannsynleg utbreiing av innsjøen under siste istid.

Sjøen oppstod under den siste istida ved at smeltevatn frå det sentrale og nordlege Nord-Amerika hopa seg opp her fordi ein isbarriære stengte det vidare avløpet mot Atlanterhavet. Arealet kan ha vore inntil 440 000 km². Under varmeperioden omkring 10 900 f.Kr smelta isbarriæren, og enorme mengder vatn strøymde ut i Atlanterhavet og skapte elvedalen til dagens St. Lawrence River. Hendinga skapte ei forstyrring av temperaturen på den nordlege halvkula, og innleia den mellombels kuldeperioden 10 900–9 600 f.Kr som vi kallar Yngre Dryas.

Under dette tilbakeslaget med ein tusen år lang kuldeperiode er det truleg at Lake Agassiz vart fylt på ny. Omkring 6 400 f.Kr virkar det som innsjøen fann tilbake til det nordlege avløpet sitt mot Hudson Bay, og deretter vart gradvis tømt gjennom ein periode på kanskje 1000 år. Restane av innsjøen er i dag Lake Winnipeg, Lake Manitoba og Lake of the Woods i Canada.

Innsjøen har etterlate mange spor i dag, mellom anna elvedalen til elva Minnesota, avsettingane av fruktbar morenejord i elvedalen til Red River of the North, og restar av strender på område som i dag ligg langt frå vatn.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre