Laksfjorden
Laksfjorden er ein fjordarm Finnfjorden i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 3,5 km vestover til Vasshaug på Senja.
Fjorden har innløp mellom byen Finnsnes i nordaust og Laksneset i sørvest. Nordover frå Finnsnes går Gisundet på austsida av Senja. Silsand ligg på nordsida av fjorden, tvers overfor Finnsnes. Mellom desse to går Gisundbrua, som Fv86 kryssar. I tillegg går Fv860 inst i fjorden, medan Fv227 går på sørsida.