Gisundet er eit om lag 35 km langt sund i Lenvik kommune i Troms, mellom Senja og fastlandet. Innenskjersleia mellom Harstad og Tromsø går gjennom Gisundet. Det er smalast i nord med Gibostad (0,5 km) og i sør med Finnsnes. Senjasida i vest er jordbruksland, mens fastlandssida i aust er skogkledd. Gisundbrua går over Gisundet, og koplar fastlandet til Senja.

Fiskebåt i Gisundet

Koordinatar: 69°27′32.396″N 18°4′50.700″E

Første delen av namnet på Gisundet kan stamme frå det norrøne ordet geiga, som tyder «vingle» eller «gå skeivt». Gisundet tyder altså truleg «det krokete sundet».

KjelderEndra