Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet er eit norsk direktorat som blei oppretta 1. juli 2014 gjennom ei samanslåing av Statens landbruksforvalting og Statens reindriftsforvaltning.[2]

Landbruksdirektoratet
Coat of arms of Norway.svg
TypeDirektorat
Skipa1. juli 2014; 8 år sidan (2014-07-01)
DirektørJørn Rolfsen
HovudkontorOslo
Lokale leddAlta
EigarLandbruks- og matdepartementet
FokusLandbruk
Tilsette225 (2016)[1]
Nettsidelandbruksdirektoratet.no

Direktoratet har ansvar for alle fagområde innan landbrukssektoren, som jordbruk, skogbruk, reindrift og andre aktivitetar basert på landbruksressursar.[3]

Landbruksdirektoratet er underlagt Landbruks- og matdepartementet og held til i Oslo og Alta. Avdelinga som arbeider med reindriftsspørsmål ligg i Alta.[4]

Jørn Rolfsen, den tidlegare leiaren for Statens landbruksforvalting, blei utnemnd til direktør i Landbruksdirektoratet på åremål frå 1. juli 2014 til 1. juli 2018.[5] Magnar Evertsen blei tilsett som direktør for avdelinga i Alta.[6]

KjelderEndra

  1. Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
  2. «Nytt Landbruksdirektorat». regjeringen.no. 
  3. Nyhet fra SLF, arkivert frå originalen 2014-07-14, henta 27. februar 2019 
  4. «Nytt direktorat for landbruk opprettet». Hegnar.no. 16. juni 2014. 
  5. Nyhet fra SRF
  6. Magnar Evertsen ny direktør i Alta, arkivert frå originalen 2014-07-14, henta 27. februar 2019 

BakgrunnsstoffEndra