Langnebbparakitt
Langnebbparakitt (Enicognathus leptorhynchus), er ein art i papegøyefamilien, Psittacidae, som er endemisk for skogshabitat i det sørlege Chile.
Langnebbparakitt | |
Langnebbparakitt | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av langnebbparakitt | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae |
Slekt: | Enicognathus |
Art: | Langnebbparakitt E. leptorhynchus |
Vitskapleg namn | |
Enicognathus leptorhynchus |
Skildring
endreLangnebbparakitten når ei kroppslengd på 40 centimeter.[1] Det sterkt bøygde og lange overnebbet er iaugefallande og gjev namnet til arten på norsk og andre språk. Fjørdrakta er hovudsakleg matt grøn. Til liks med sørparakitten er panna og tygel brunraude, men hos langnebbparakitten er farga klårare og strekkjer seg rundt auget. Halefjørene er brunraude og blir litt grønaktige i enden.
Langnebbparakitten er mest vanleg i Chile, mellom regionen Valparaíso og øya Chiloé, sjeldan også sør til nordre Aysén-regionen. Det naturlege habitatet er i tempererte skogar med tresag i sørbøkslekta (Nothofagus) og kranstreslekta (Araucaria), opp til 2000 moh. Ofte og spesielt om vinteren tar dei i bruk halvopne jordbruksområde og beitemarker. Langnebbparakittar finn mesteparten av maten på bakken. Dei grev etter frø og røtene til gras med dei lange nebba sine. I vintermånadene òg i korn- og maisfelt der dei grev opp nysådde frø. Dei er rekna som skadefuglar på Chiloé.[1]
Dei er hòlehekkarar som bygger reir i trehòler og fjellsprekkar.
Status og vern
endreIUCN har kategorisert langnebbparakitt som ein livskraftig art, men med ukjent populasjon og ukjent trend.[2] På 1950 og 1960-talet, var bestanden minkande på grunn av jakt, skogrydding og sjukdom.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Langschnabelsittich» frå Wikipedia på tysk, den 10. mars 2023
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Collar, N., E. de Juana, and P. F. D. Boesman (2020). Slender-billed Parakeet (Enicognathus leptorhynchus), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.
- ↑ BirdLife International (2023) Species factsheet: Enicognathus leptorhynchus. Henta 11. mars 2023