Lapilli er ein storleik-klassifisering for tefra, som er luftbårent material som blir eksplosivt kasta ut under eit vulkansk utbrot. Lapilli (eintal: laplillus) tyder «små steinar» på latinsk. På sett og viser liknar dei på ooider eller pisolitt i kalkhaldige sediment.

Lapilli på vulkanen KilaueaHawaii.

Per definisjon varierer lapilli frå 2 til 64 mm[1] i diameter. Ein pyroklastisk partikkel som er større enn 64 mm i diameter har namnet vulkansk bombe når han er i smelta form, og vulkansk blokk når han har størkna. Pyroklastisk material med partikkelstorleik mindre enn 2 mm i diameter blir kalla vulkansk oske.

Danning endre

Lapilli er sfæroide, tåre-, manual- eller knappeforma små dråper av smelta, eller delvis smelta lava som har vorte kasta ut av eit vulkansk utbrot, og som treffer bakken, i i alle fall delvis smelt form. Denne fine grusen er ikkje akkresjonær, men er eit direkte resultat av flytande steinar som blir avkjølt medan dei flyg gjennom lufta.

Lapillituff er ein svært vanleg vulkansk bergart, typisk for rhyolottisk, andesittisk, og dasittiske pyroklastiske utbrot. Under desse, så kan tjukke lag av lapilli avsetjast under hovudsakleg støytaktige utbrot. Det meste av lapillituff som ligg att etter gamle vulkanutbrot har vorte danna gjennom oppsaling og samansveising av delvis smelta lapilli, til det som er kjent som sveiste tuff.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Fisher, R. 1961. Proposed classification of volcaniclastic sediments and rocks. Geol. Soc Amer.Bull., 72: 1409-1414