Lars Sune Olsson (fødd 13. oktober 1932) er ein svensk tidlegare langrennar frå i Bograngen i Värmland. Han vann VM-gull med Sverige i 4 x 10 km stafett under Ski-VM 1962 i Zakopane.

Lars Olsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 13. oktober 1932 (91 år)
Torsby
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1960, Vinter-OL 1964

Aktiv endre

Olsson, som gjekk under namnet Finnskoga-Lasse, markerte seg fyrste gongen då han vart nummer seks på 15 km under Holmenkollrenna i 1957. Vinteren 1960 tok han steget opp i verdstoppen med andreplass på tremila under Svenska skidspelen i Transtrand, einast Sixten Jernberg fortare, og med tredjeplass på 15 km i Holmnekollrenna, der nordmennene Harald Grønningen og Hallgeir Brenden var sterkare. Tidlegare i sesongen deltok Olsson under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, der han og Sverige kom på fjerdeplass i 4 x 10 km stafett. Under Holmenkollrenna 1961 var Olsson og Harald Grønningen i ein klasse for seg på 15 km, på ny vann Grønningen tevlinga, fattige 4,5 sekundar føre Olsson.

Under verdsmeisterskapen 1962 i Zakopane vart Olsson åttandemann på 15 km. Deretter gjekk han den fyrste etappen for det svenske mannskapet som sigra i 4 x 10 km stafett, 45 sekundar føre Finland på andreplass. Dei andre svenskane var Sture Grahn, Sixten Jernberg og ankermann Assar Rönnlund. I mars same året gjekk Olsson atter ein sterk 15-kilometer i Holmenkollen, berre finske Eero Mäntyranta og Harald Grønningen kom framom han på resultatlista. Sidan vart Olsson nummer 16 på 15 km då han gjekk sitt siste internasjonale meisterskapsløp ved Vinter-OL 1964 i Innsbruck. I 1965 hevda han seg siste gongen, med ein niandeplass på 30 km under Svenska skidspelen i Falun.

Kjelder endre