Opna hovudmenyen

Hallgeir Brenden (10. februar 192921. september 2007) var ein norsk langrennsløpar frå Tørberget i Trysil.

Hallgeir Brenden
Hallgeir Brenden 3.jpg
Fødd 10. februar 1929
Trysil
Død

21. september 2007
Lillehammer

Yrke langrennsløpar, friidrettsutøvar
Hallgeir Brenden på Commons

Under Vinter-OL 1952 på heimebane i Oslo, vann han olympisk gullmedalje i 18 km langrenn og sølvmedalje i 4 * 10 km stafett. Brenden vann enda ei gullmedalje ved 15 km langrenn i Vinter-OL 1956 og skaffa seg sølvmedalje i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley. 3 gonger har Brenden vunne i Holmenkollrenna: 18 km i 1952 og 15 km i 1956 og 1963. Han er den einaste som har vunne 18 km og 15 km i både vinter-OL, verdsmeisterskapen og i Holmenkollen.

I tillegg til langrenn konkurrerte Brenden også i friidrett. Her vart han noregsmeister på 3000 meter hinder både i 1953 og i 1954.

Brenden mottok Egebergs Ærespris og Morgenbladets gullmedalje i 1952. I 1955 vart Brenden tildelt Holmenkollmedaljen (delt med Kong Haakon VII, Veikko Hakulinen, og Sverre Stenersen). I 1956 vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris. Ein statue av Brenden vart avduka framfor Trysil rådhus den 16. februar 2002. Statuen er laga av bilethoggaren Skule Waksvik.

BakgrunnsstoffEndra