Kvamsøya
Geografi
Norway - Kvamsøy, Sunnmøre.png
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°12′40″N 05°23′11″EKoordinatar: 62°12′40″N 05°23′11″E

Areal 7,8 km²

Høgaste punkt Nonshornet (289 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Demografi
Folketal 243 (01.01.2012)
Folketettleik 31 /km²

Kvamsøy eller Kvamsøya er ei øy i Sande kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Øya har eit areal på 7,8 km², eit innbyggartal på nærare 250, og det høgaste punktet er Nonshornet på 289 moh. Øya er den sørlegaste og vestlegaste busette øya i fylket, med Vanylvsgapet og Stadlandet i sør og Sandsøya i nord. Rundt øya er ei mengde holmar og øyar, med Haugsholmen, Storholmen, Frekøya og Eggholmane som dei største på sørsida, og Riste på nordsida.

På øya er det ungdomsskule, tredelt barneskule og barnehage. Den største arbeidplassen er Kvamsøy Brimer som sysselset om lag 40 arbeidstakarar.

NamnEndra

Kvamsøy har fått namn etter garden Kvame på sørsida av øya. Ein kvam er eitt søkk i landskapet eller eit skålforma lende. Øya kan også tidleg ha hatt namnet Bringsing, og som postatad var namnet Bringsinghaug frå øya fekk post i 1897 fram til 1975 då poststaden også vart Kvamsøy.

HistorieEndra

Kvamsøy ligg strategisk til rett nord for halvøya Stadlandet og det verharde Stadhavet. Utgravingar har avdekka tufter og funn frå både steinalder, bronsealder og jarnalder. På austsida av øya er det rundt 80 små og store gravhaugar frå år 500 til 1000 e.kr. - periodane merovingartida og vikingtida.

Den strategiske plasseringa gjorde også at tyskarane under den 2. verdskrigen bygde kanonstillingar på Basseneset sørvest på øya. 1. juni vart det tyske transportskipet «Hans Leonhard» skote i brann av engelske fly då det passerte Kvamsøya. Skipet var lasta med sprengstoff og eksplosjonen som fylgde var den største i Noreg under den 2. verdskrigen. Delar og Forvridde jarnrestar etter eksplosjonen kan ein framleis finne i terrenget rundt på øya.

Kjende personar frå KvamsøyEndra

  • Bernt Støylen (1858-1937), prest, teolog og salmediktar. Biskop i Agder bispedøme frå 1913 til 1930.
  • Wilhelm Støylen (f. 1980), frå Wilhelm og Kuraffen på NRK Barne-TV

BakgrunnsstoffEndra