Las Palmas de Gran Canaria

Las Palmas de Gran Canaria, òg berre kalla Las Palmas, er regionshovudstad (i lag med Santa Cruz), ein kommune, og den største byen på Kanariøyane. Byen ligg nordaust på Gran Canaria, om lag 150 km utanfor nordvestkysten av Afrika[3] i Atlanterhavet. Nabokommunane er Arucas, Santa Brígida og Telde. Hamna heiter Puerto de la Luz.

Las Palmas de Gran Canaria
Utsyn over Las Palmas
Utsyn over Las Palmas
Utsyn over Las Palmas
Flagget til Las Palmas de Gran Canaria Byvåpenet til Las Palmas de Gran Canaria
Flagget til Las Palmas de Gran Canaria Byvåpenet til Las Palmas de Gran Canaria

Kallenamn
«Las Palmas»
Styresmakter
Land
Autonom region
Provinsar
 Spania
Kanariøyane
Las Palmas
Grunnlagd 24. juni 1478
Borgarmeister Augusto Hidalgo (i 2018)[1]
Geografi
Flatevidd 100,55 km²
Flatevidd
 - By

100,55 km²
Innbyggjarar
 - By (2017)
   - folketettleik

377 650[2]
  3790/km²
Høgd over havet 8 m
Tidssone
- Ved sommartid
WET (UTC+0)
WEST (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: http://www.laspalmasgc.es
Plassering
Plassering av Las Palmas de Gran Canaria
Plassering av Las Palmas de Gran Canaria

Innbyggjartalet er 377 650 (2017). Byen er del av det femte største storbyområdet i Spania med om lag 700 000 innbyggjarar.[4] Per 2010 var Las Palmas den niande største spanske byen. Av byar i Den europeiske unionen som ikkje ligg i Europa, er Las Palmas den største.

Historie

endre

Las Palmas vart grunnlagd 24. juni 1478 som Real de Las Palmas av Juan Rejón, leiaren for den kastiljanske hæren som invaderte øyane og gjekk til krig mot dei lokale guanchane (innfødde på Kanariøyane). Han har namn etter dei mange palmetrea som voks her.[5]

I 1492 kom Kristoffer Columbus til byen og var her ei stund før han reiste vidare på den første reisa til Amerika. Han stoppa her òg på veg attende til Spania.

 
Det gamle fengselet Barranco Seco

I 1883 byrja ein byggja ei moderne hamn ved byen.[5]

I 1927 vart byen den andre hovudstaden på Kanariøyane. Før den tid var berre Santa Cruz de Tenerife hovusdstad.[6][7]

Hamna, Puerto de la Luz, fekk auka betydning på 1970-talet og tidleg på 1990-talet då Suezkanalen var lukka på grunn av Midtausten-konflikten.

Klima

endre

Las Palmas har eit subtropisk klima med sommarlege temperaturar året rundt.

Næringsliv

endre

Hamna er stoppestad for mange skip som går i fart mellom Europa og Amerika, og blir årleg vitja av tusenvis av fartøy. Det har bunkersoljelager, og blir også brukt som stoppestad for fiskefartøy og passasjertrafikk. Hovudeksportartiklar frå hamna er mellom anna sement, bananar, tomatar og andre landbruksprodukt. Turisme står for om lag 60 % av økonomien.[5]

Folkesetnad

endre

Innbyggjartalet er 377 650 (2017). Nær halvparten (45,9 %) av innbyggjarane på øya Gran Canaria og 18,35 % av innbyggjarane på Kanariøyane bur (per 2008) i byen (per 2008).

Organisering

endre

Inndelinga av Las Palmas er (per 2018):[8]

Strender

endre

Her finst fem strender (Las Canteras, Las Alcaravaneras, San Cristobal, El Confital og La Laja).

Festdagar

endre

Det årlege karnivalet i Las Palmas de Gran Canaria[9] er ein av dei største attraksjonane i byen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Las Palmas de Gran Canaria
  Reiseguide for Las Palmas frå Wikivoyage