Last Pizza Slice

slovensk band

Last Pizza Slice, også kalla LPS, er eit slovensk musikkband. Bandet består av Filip Vidušin (vokal), Gašper Hlupič (trommer), Mark Semeja (elgitar), Zala Velenšek (bass og altsaksofon) og Žiga Žvižej (keyboard). Bandet representerte Slovenia i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Disko».

Last Pizza Slice

Aktiv2018–
Sjangerjazz, swing-jazz

Bakgrunn endre

Last Pizza Slice vart skipa i 2018, då medlemmane gjekk på videregåande i byen Celje.[1] Etter skipinga turnerte dei landet og spelte på ulike festivalar og konsertar i Slovenia. Dei har også delteke i flere talenttevlingar og songtevlingar. Bandet spelar musikk innan sjangrane soul-pop, funk, blues, rock og jazz.[1]

Eurovision Song Contest endre

I februar 2022 deltok Last Pizza Slice i den slovenske musikktevlinga EMA, det slovenske svaret på Melodi Grand Prix. Bandet vann finalen 19. februar med den slovenskspråklege songen «Disko».[2] Som vinnarar fekk dei representere Slovenia i Eurovision Song Contest i Torino i Italia i mai 2022.[3] Bandet enda sist i den fyrste semifinalen, og dei kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen.[4]

Besetning endre

Diskografi endre

Album endre

  • 2021 – Live from Šiška

Singlar endre

  • 2022 – «Silence in My Head»
  • 2022 – «Disko»

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «LPS - Slovenia - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 20. februar 2022. 
  2. «Slovenia: LPS will grab a pizza the action in Italy 🇸🇮». Eurovision.tv (på engelsk). 19. februar 2022. Henta 20. februar 2022. 
  3. «EMA 2022: LPS win and will sing "Disko" for Slovenia at Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). 19. februar 2022. Henta 20. februar 2022. 
  4. «First Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 

Kjelder endre