Slovenia i Eurovision Song Contest

Slovenia debuterte i Eurovision Song Contest i 1993 og har delteke 25 gongar. Slovenia har tidlegare delteke i Eurovision Song Contest som ein del av Jugoslavia og frå 1993 som ein sjølvstendig nasjon. Slovenia har aldri vunne tevlinga, men har to sjuandeplassar som beste plassering. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Slovenia kvalifisert seg til finalen på berre seks av seksten forsøk, seinast i 2019.[1]

Slovenia
EuroEslovenia.svg
Offisielt Slovenia

RTVSLO
Uttakingar
Nasjonalt 24
Internt 1
Deltaking
Debutår 1993
Beste resultat
Semifinalen 3 (2011)
Finalen 7 (1995 og 2001)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2013)
Finalen 25 (2014)
Poeng
Semifinalane 1 006
Finalane 725
Totalt 1 731

HistorikkEndra

Fram til byrjinga av 1990-talet, var Slovenia ein del av Jugoslavia, som hadde delteke i Eurovision Song Contest sidan 1961. Fire av bidraga frå Jugoslavia kom frå Slovenia; det fyrste bidraget frå Slovenia var Berta Ambrož og songen «Brez besed», som var Jugoslavia sitt bidrag i 1965. I 1991 og 1992 erklærte Slovenia, Kroatia, Makedonia og Bosnia-Hercegovina sjølvstende frå Jugoslavia

Hovudartikkelen for dette emnet er Jugoslavia i Eurovision Song Contest.


I 1993 melde Slovenia seg på Eurovision Song Contest saman med seks andre land frå den tidlegare austblokka. For å halde talet på antall deltakande land nede, kravde Den europeiske kringkastingsunionen at dei sju landa måtte gjennom ei eigen førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringa, ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Slovenia vann kvalifiseringa, og sikra seg dimed ein plass i finalen. Slovenias fyrste bidrag som sjølvstendig nasjon var med gruppa 1X Band og songen «Tih deževen dan».

Lite suksessEndra

Det er allmennkringkastaren RTVSLO som sender tevlinga i Slovenia, og har ansvaret for å velje landets artist og sang. I 1990-åra hadde Slovenia middels suksess, men oppnådde ein sjuandeplass i 1995 som beste plassering. I 2001 fekk Slovenia ein ny sjuandeplass, men etter at Den europeiske kringkastingsunionen innførte semifinalar i 2004, har Slovenia berre kvalifisert seg til finalen seks gongar. Landets beste plassering etter 2001 er to trettandeplassar frå 2002 og 2011.

Slovenia sto også utanfor tevlinga i 1994 og 2000 på grunn av dårlege plasseringar åra før.[2]

BidragEndra

År Artist Song Andre språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  1993 1X Band «Tih deževen dan» Slovensk 9 22 54 1
  1995 Darja Švajger «Prisluhni mi» Slovensk 84 7
  1996 Regina «Dan najlepših sanj» Slovensk 16 21 30 19
  1997 Tanja Ribič «Zbudi se» Slovensk 60 10
  1998 Vili Resnik «Naj bogovi slišijo» Slovensk 17 18
  1999 Darja Švajger «For a Thousand Years» Engelsk 50 11
  2001 Nuša Derenda «Energy» Engelsk 70 7
  2002 Sestre «Samo ljubezen» Slovensk 33 13
  2003 Karmen Stavec «Nanana» Engelsk 7 23
  2004 Platin «Stay Forever» Engelsk Ikkje kvalifisert 5 21
  2005 Omar Naber «Stop» Slovensk 69 12
  2006 Anžej Dežan «Mr. Nobody» Engelsk 49 16
  2007 Alenka Gotar «Cvet z juga» Slovensk 66 15 140 7
  2008 Rebeka Dremelj «Vrag naj vzame» Slovensk Ikkje kvalifisert 36 11
  2009 Quartissimo med Martina Majerle «Love Symphony» Slovensk og engelsk 14 16
  2010 Ansambel Žlindra og Kalamari «Narodnozabavni rock» Slovensk 6 16
  2011 Maja Keuc «No One» Engelsk 96 13 112 3
  2012 Eva Boto «Verjamen» Slovensk Ikkje kvalifisert 31 17
  2013 Hannah Mancini «Straight Into Love» Engelsk 8 16
  2014 Tinkara Kovač «Round and Round» Slovensk og engelsk 9 25 52 10
  2015 Maraaya «Here for You» Engelsk 39 14 92 5
  2016 ManuElla «Blue and Red» Engelsk Ikkje kvalifisert 57 14
  2017 Omar Naber «On My Way» Engelsk 36 17
  2018 Lea Sirk «Hvala, ne!» Slovensk 64 22 132 8
  2019 Zala Kralj og Gašper Šantl «Sebi» Slovensk 105 15 167 6
  2020 Ana Soklič «Voda» Slovensk Tevling avlyst

RøystegjevingEndra

FinalaneEndra

Slovenia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Kroatia 125
02   Sverige 117
03   Bosnia-Hercegovina 100
04   Serbia 99
05   Danmark 81

Slovenia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Kroatia 81
02   Bosnia-Hercegovina 61
03   Serbia 38
04   Russland 35
05   Makedonia 33

SemifinalaneEndra

Slovenia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Serbia 86
02   Makedonia 68
03   Sverige 60
04   Kroatia 59
05   Bosnia-Hercegovina 51

Slovenia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Montenegro 61
02   Serbia 59
03   Kroatia 54
04   Polen 52
05   Bosnia-Hercegovina 49


GalleriEndra

Sjå ògEndra

FotnotarEndra

  1. «Slovenia – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 25. desember 2016. 
  2. «Eurovision Song Contest 2000». eurovision.tv. Henta 25. desember 2016. 

KjelderEndra