László Szabó

(Omdirigert frå Laszlo Szabo)

László Szabó (19. mars 19178. august 1998) var ein framståande ungarsk sjakkspelar, stormeister i sjakk.

László Szabó


Statsborgarskap Ungarn
Fødd 19. mars 1917
Budapest
Død

8. august 1998 (81 år)
Budapest

Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1935, Sjakk-OL 1937, Sjakk-OL 1952, Sjakk-OL 1954, Sjakk-OL 1956, Sjakk-OL 1958, Sjakk-OL 1960, Sjakk-OL 1962, Sjakk-OL 1964, Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1936

Han var fødd i Budapest, og slo gjennom internasjonalt allereie 18 år gamal. Han vann i 1935 både den ungarske meisterskapen, for første gong av til saman 9 meisterskap, og han vann ein internasjonal turnering i Tatatóváros i Ungarn, og han vart tatt ut til å spele for Ungarn i sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Warszawa. Så unge toppspelarar var ikkje vanleg på denne tida, og Szabó vekte merksemd med friskt angrepsspel, ulikt resten av det ungarske laget som spelte tørrare posisjonsspel. Szabo skal ha blitt trena av Géza Maróczy, den sterkaste ungarske spelaren i tiåra før.

Fram mot den andre verdskrigen hadde Szabo andre gode resultat, mellom anna vann han Hastings 1938/39. Han begynte også ei karriere i bank.

Ved starten av andre verdskrigen vart han plassert i ei tvangsarbeidseining. Seinare i krigen vart han tatt til fange av sovjetiske troppar, og sat i krigsfangeskap.

Då krigen var slutt, kunne han ta oppatt sjakken, og spelte mange internasjonale turneringar. Han deltok i den første storturneringa etter krigen, i Groningen i 1946, der han blei nummer 12, etter spelarar som Botvinnik, Euwe, Smyslov, Najdorf, Boleslavskij og Kotov. Han vann turneringane i Hastings 1947/48, Budapest 1948 og Hastings 1949/50.

Ved Intersoneturneringa i Saltsjöbaden i 1948 vart han nummer to etter Bronstein. Dette kvalifiserte han til kandidatturneringa i Budapest i 1950.

Szabo fekk dermed også tittelen internasjonal Stormeister i sjakk som ein av dei 27 første, då Verdssjakkforbundet FIDE begynte å dele ut tittelen i 1950.

Delt femteplass i intersoneturneringane både i Saltsjöbaden i 1952 og i Göteborg 1955 medførte at han altså tre gongar på rad kvalifiserte seg til kandidatturneringa, der vinnaren kvalifiserte seg til å møte verdsmeisteren i sjakk til tvikamp om VM-titten.

Best gjekk det i den tredje og siste av kandidatturneringane, i Amsterdam i 1956. Der delte Szabó tredjeplassen med Bronstein, Geller, Petrosjan og Spasskij, etter Smyslov og Keres.

Szabó hadde gode resultat også på 1960- og 1970-talet, som førsteplass i Zagreb 1964, førsteplass i Budapest 1965 (saman med Polugajevskij og Taimanov), førsteplass i Sarajevo 1972, førsteplass i Hilversum 1973 (samam med Geller) og delt førsteplass i Hastings 1973/74 (saman med Kuzmin, Timman og Tal).

Han spelte for Ungarn i 11 sjakkolympiader (lag-VM i sjakk), der han spelte på første bord 5 gongar, og tok medalje fleire gongar: I 1937 vart det lag-sølv og individuelt sølv, i 1952 individuell bronse, i 1956 lag-bronse og i 1966 lag-bronse og individuelt sølv.

Szabó var den sterkaste spelaren i Ungarn etter andre verdskrigen, fram til Lajos Portisch tok steget inn i verdstoppen rundt 1963/64. Szabo var på sitt beste ein av dei 12 sterkaste spelarane i verda.

Kjelder endre

- som oppgav følgjande kjelder:

Bøker endre

  • Meine besten Partien, tysk utgåve, 248 sider, paperback, 1990
  • My best games of chess, engelsk utgåve, 209 sider, hardback, 1986.

Bakgrunnsstoff endre