Lattestein eller berre latte eller latde er ein type oppreist stein med ein halvkuleforma stein lagt oppå. Denne typen stein har historisk vore utbreidd blant chamorrotalande folk i Stillehavet, og er kjend frå mesteparten av Marianane. I moderne tid er steinane blitt eit symbol på identitet blant chamorroane, og brukt i fleire ulike samanhengar.

Lattestein ved Haputo-stranda på Guam.

Konstruksjon endre

 
Mann ved sidan av den største ståande lattesteinen på Tinian.

Ein har laga lattesteinar av kalkstein, basalt og sandstein. Pilarane kan vera rundt 60 meter til tre meter høge, og smalnar mot toppen.[1] Små og middels store pilarar blei krona med eit halvrundt stykke korall, medan store pilarar, som på Rota-øya, kunne ha utskorne steinkroner.[2]

Den største lattesteinen som framleis står er 5 meter og står på Tinian. Steinar funne på Rota ville vore 8 meter høge om dei hadde stått oppreist. Den høgaste pilaren funne her er 34 tonn medan den største krona er 22 tonn.[3]

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  1. Craib, John L. (2014). «Contents of a Latte Village». Guampedia. Henta Jan 11, 2015. 
  2. Villaverde, Rudolph. «From the Ancient Past: The Latte Stones of Guam». Guam Ultimate Guide. Arkivert frå originalen 29. oktober 2005. Henta 4. desember 2013. 
  3. Carter; Carter, Rosa & Wuerch, William (1997). Guam History: Perspectives Volume One: MARC. ISBN 1-878453-28-9.