Lauskarlåtten
Lauskarlåtten, òg kjend under namnet Danse lauskar og gå fri, er ein springar på nedstilt bass, mykje nytta i Hallingdal og Valdres. I Valdres finst slåtten i tradisjon etter Bendik i Nøen, medan kjelda i Hallingdal er Ola Dekko. Her heiter slåtten ofte Vesle-Dekken, etter son av Ola Dekko, Ola Dekko den yngre.
Slåtten er òg funnen i Vik i Sogn, der han heiter Semjarslåtten eller Hatletusken.
Stev
endreDet mest kjende stevet til slåtten slik han er spela i Hallingdal og Valdres går slik:
- Danse lauskar og gå fri
- det går då an på ein måte
- det går då an for ei liti rid
- så får det sakti stå rå te.
I Sogn finst stevet i denne forma:
- Å Ha du vore i Hatleli
- og lagt på lur etter jentor?
- Nei, eg ha vore i Krokeli
- og lagt på lur ett` ho Eli.
Både slåttenamn og stev knyter slåtten til tradisjonar for frieri.
Variantgruppa
endreSlåtten har variantnummer 492, band VI i Hardingfeleverket. To former er frå Hallingdal, to frå Vik i Sogn og to frå Valdres. Attåt desse finst det dokumentert ei form frå Flå ved Truls Ørpen. Ulrik Jensestogun spela og ei form på vanleg oppstilt bass som ikkje er teken med her. Denne forma er seinare spela inn av Håkon Asheim og teken opp att i seinare år av yngre spelemenn i Valdres.
- a: Vesle-Dekken, etter Olav Timannhagen frå Ål. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Namnet er etter spelemannen Ola Dekko den yngre.
- b: Fuglen, etter Olav Sataslåtten frå Torpo. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Sataslåtten hadde slåtten etter den eldre Ola Dekko, men har brøytt om slåtten på eige vis.
- c: Hatletusken, etter Lars Sande, Vik i Sogn. Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B 615). Slåtten er òg kalla Hatlelien. Å "gange på tusk" er det same som å "løbe etter leg og morskab" (Ivar Aasen). Hatle = vestlandsk for Hassel.
- d: Semjarslåtten, etter Klaus Sande frå Vik i Sogn. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Sande hadde slåtten etter far sin, Lars Sande.
- e: Springar, etter spelemannen Andreas Hauge frå Nord-Aurdal. Nedskrift Arne Bjørndal 1925 (B 320). Hauge hadde slåtten frå Ulrik Jensestogun, som hadde han frå Bendik i Nøen.
- f: Danse lauskar og gå fri, etter Torleiv Bolstad frå Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Bolstad hadde slåtten frå Ola Okshovd.