Opna hovudmenyen

Ulrik Jensestogun (5. desember 18501919) eller òg Ulrik i Jensestogun (Ulrik Olsen), var ein norsk spelemann frå Aurdal i Valdres.

Ulrik Jensestogun
Fødd5. desember 1850
Død1919
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Ulrik vart fødd i Jensestogun, som han tok namn etter, og var son av kommandersersjant og bonde Ole Eriksson og kona Thora Olsdotter Kjørstad. Ulrik fatta tidleg interesse for felespel, og vart rekna som spelemann frå han var femten år. Han var i lære hjå Bendik i Nøen, som hadde spel beinveges frå Jørn Hilme. Elles for Ulrik så langt som til Kongsberg i unge år, men her vart han sjuk av nervefeber og laut oppgje tanken om å drive gard.

Etter Bendik i Nøen hadde Ulrik mykje godt hilmespel, men var og i kontakt med spelemenn frå Hallingdal og bytta slåttar med dei. Han var og i lag med spelemenn lenger sør i Valdres, mellom dei Ellef Tollefsrud frå Begnadalen.

Attåt det gamle valdres-spelet, var Ulrik kjend som ei rik kjelde for runddansspel. Han fekk mange av desse slåttane frå gudbrandsdølen Eivind Bolleng. Ulrik vart notekyndig, og det finst ei heil notebok etter han, med salmar, viser og runddansar. Både Arne Bjørndal og Catharinius Elling skreiv ned stoff etter han. Av andre som har vore innom til Ulrik, lyt ein nemne forfattaren Knut Hamsun.

Ulrik nytta ein alderdommeleg teknikk, truleg arva frå Bendik i Nøen, som kravde kjappe kast med stutt feleboge (Rundboge). Denne teknikken var og vanleg i Hallingdal på same tid.

Då Ulrik Jensestogun døydde, skreiv Olav Moe minneorda over han:

Den som fekk høve til å høyra Ulrik Jensestuen i hans ljose timar, når fingrane sveipte som silkesnorar over gripebrettet, når bogen liksom vogga seg i agelaus eggjande takt, og tonane som sylvklåre doggperlor sildra frå strengen, han vil alltid bera eit hugvarmt minne om kunstnaren, eit minne som aldri kan døy. Det var kunst av allerfinaste slag.

Hardingfeleverket har trykt om fem slåttenedskrifter etter Ulrik Jensestogun, fire av dei ved Arne Bjørndal.