Lavernock er ein landsby i Vale of Glamorgan i det sørlege Wales. Han ligg mellom Penarth og Sully ved Bristolkanalen.

Lavernock
Lavernock

Plassering
Lavernock is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Wales
Hovudområde Vale of Glamorgan
Geografi
Koordinatar 51°14′25″N 3°10′20″W / 51.24028°N 3.17222°W / 51.24028; -3.17222
Diverse annan informasjon
Commons har multimedium som gjeld: Lavernock

13. mai 1897 sende Guglielmo Marconi, med assistanse frå ingeniøren George Kemp frå postkontoret i Cardiff, det første trådlause radiosignalet over vatn frå Lavernock Point i landsbyen til øya Flat Holm i Bristolkanalen. Meldinga som vart send med morsealfabetet var 'ARE YOU READY' ('er du klar').

Lavernock Point med Flat Holm i bakgrunnen

Ved landsbyen ligg Cosmeston Lakes Country Park, ein park med rikt fugleliv og ein rekonstruksjon av ein landsby frå mellomalderen. Det er òg godt turterreng med utsikt til øyane Flat Holm og Steep Holm.

Kjelder

endre