Lavernock
(Omdirigert frå Lavernock Point)
Lavernock er ein landsby i Vale of Glamorgan i det sørlege Wales. Han ligg mellom Penarth og Sully ved Bristolkanalen.
Lavernock | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Wales | |
Hovudområde | Vale of Glamorgan | |
Geografi | ||
Koordinatar | 51°14′25″N 3°10′20″W / 51.24028°N 3.17222°W | |
Diverse annan informasjon | ||
13. mai 1897 sende Guglielmo Marconi, med assistanse frå ingeniøren George Kemp frå postkontoret i Cardiff, det første trådlause radiosignalet over vatn frå Lavernock Point i landsbyen til øya Flat Holm i Bristolkanalen. Meldinga som vart send med morsealfabetet var 'ARE YOU READY' ('er du klar').
Ved landsbyen ligg Cosmeston Lakes Country Park, ein park med rikt fugleliv og ein rekonstruksjon av ein landsby frå mellomalderen. Det er òg godt turterreng med utsikt til øyane Flat Holm og Steep Holm.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lavernock» frå Wikipedia på bokmål, den 22. januar 2010.