Lavvo
Lavvo (av nordsamisk lávvu) er eit tradisjonelt samisk telt som har vore brukt av nomadiske samar i over 2 000 år. Lavvoen er lett å flytte på, og er godt eigna til samane sitt tradisjonelle nomadeliv.
Skildring
endreEin lavvo består av fleire pålar (raier) som er festa i toppen og spreidd utover i ein sirkel. Duken bestod tidlegare av sammensydde reinskinn, men i dag vert brukt duk av ulike stoff. Duken vert fest i bakken med tau og pluggar. I midten fyrer ein med eit bål for å halda varmen. Røyken går ut i toppen av lavvoen. Lavvoen vert kjegleforma når han er oppslegen.
Lavvoen liknar mykje på nordamerikanske tipiar, men er litt lågare og toler difor vinden betre.
Moderne lavvo
endreI dag finst lavvoar i mange ulike variantar. Venor i Kautokeino starta i 1984 å vidareutvikle dei tradisjonelle lavvoane, og kom ut med modellane Ovnslavvo og Einstangslavvo, begge med stenger av aluminium i staden for dei tradisjonelle trestengene. Desse forandringane gjorde at lavvoen vart lettare å slå opp, og lettare å frakta med seg. Dette gjorde at lavvuen raskt gjekk over frå å vere ein bustad berre for samane, til å bli allemannseige hos friluftsfolk over heile landet.
Dei minste (einstangslavvoane) består av ei teltstang i midten og veldig lett kunststoffduk. Dei største lavvoane har fleire aluminiumstenger og tjukkare duk. Dei største lavvoane kan romma meir enn 100 personar. I dag er det òg vanleg å bruka omn til fyring inni lavvoen.
Sjå òg
endre- Gamme, tradisjonell samisk jordhytte
- Tipi, tradisjonelt, konisk telt hos sletteindianarar i Nord-Amerika
- Wigwam (wickiup), kuppelforma hytte hos indianarar i Nord-Amerika
- Hogan, tradisjonell jordhytte hos navajofolk
- Jurt, tradisjonelt filttelt hos nomadar i Sentral-Asia.
- Tsjum, tradisjonelt, konisk telt hos nenetsarar i Nordvest-Russland
- Jaranga, tradisjonelt telt hos visse nomadiske grupper i Sibir og Nord-Russland
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lavvo» frå Wikipedia på bokmål, den 13. februar 2015.