Lazar Kaganovitsj

russisk politikar

Lazar Moisejevitsj Kaganovitsj[a] (fødd 22. november 1893 i Kabany nær Kiev, død 25. juli 1991 i Moskva) var ein sovjetisk politikar. Han fekk tilnamnet «Jern-Lazar». Kaganovitsj var fyrstesekretær i kommunistpartiet i Ukraina frå 1925 til 1928. Han bidrog aktivt i tvangskollektiviseringa av jordbruket, noko som førte til ei hungersnaud der millionar av menneske døydde.

Lazar Kaganovitsj

Fødd10. november 1893
Dibrova
Død25. juli 1991 (97 år)
Statsborgar avDet russiske imperiet, Sovjetunionen
PartiSovjetunionens kommunistiske parti (1911)
Yrkestatsmann, revolusjonær, politikar
MedlemPolitbyrået i Sovjetunionen
Den allrussiske sentrale eksekutivkomité
Alle verv
  • første visepresident i Sovjetunionen (1953–1957)
  • First Secretary of the Communist Party of Ukraine (1947–1947)
  • medlem av Sovjetunionens øverste sovjet
  • medlem av den grunnlovgivende forsamling
  • Deputat Vjarkhoўnaga Saveta BSSR 1-ga sklіkannja Sjå dette på Wikidata

Han støtta Josef Stalin sitt kandidatur til å verte sovjetisk leiar under maktkampen etter at Vladimir Lenin var død. Mellom anna juksa Kaganovitsj i valet av ny generalsekretær under partikongressen i 1934[treng kjelde]. Kaganovitsj var ein av dei fem mest tiltrudde medarbeidarane til Josef Stalin fram til slutten av utreinskingane mot slutten av 1930-talet, men hadde viktige posisjonar i Politbyrået heilt til Stalin døydde. I 1957 vart han fråteken alle verv i partiet, mistenkt for å drive fraksjonsverksemd, før han i 1961 vart ekskludert som ein hardnakka stalinist. Han døydde like før Sovjetunionen formelt vart oppløyst i 1991.

Merknadar endre

  1. Russisk skrift Ла́зарь Моисе́евич Кагано́вич

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lazar Kaganovitsj