Holodomor (ukrainsk Голодомор), er eit namn som har vorte bruka om ei stor hungersnaud i åra 1932-1933 i Ukraina og andre regionar i Sovjetunionen, særleg i Sør-Russland. Om offertala er det ulike meiningar, men det kan vere tale om fleire millionar. Ordet holodomor er samansett av det ukrainske ordet holod, som tyder 'hunger', og det gamle austslaviske ordet mor, som tyder 'død'.

Utsvolta bønder og forbipasserande i Kharkiv i 1933.

Om årsakene til Holodomor er det svært ulike oppfatningar. Særleg ein del ukrainske historikarar meiner at det dreidde seg om ei systematisk hungersnaud organisert av Stalin-regimet.[1] Russiske historikarar seier derimot at hungersnauda var resultat av ein dårleg haust, og at problemet vart forsterka av tvangskollektiviseringa av landbruket og motstanden blant bøndene. Samtidig eksporterte Sovjetunionen korn.

Nyare vestleg forsking tyder på at Holodomor kan forklarast av ei kjede av samanhengar der både den omsynslause tvangskollektiviseringa og ein dårleg haust er med.

EU og USA er blant dei som har anerkjent hungersnauda som eit folkemord på ukrainarane. SN har derimot avvist dette.[2]

Russland avviser termen folkemord om denne hungersnauda. Dei viser til at også menneske frå andre folkeslag enn ukrainarane var offer for sveltedøden under denne katastrofen. I somme russiske kretsar meiner dei Holodomor blir misbruka av visse kretsar i Ukraina for politiske formål.

Land som har anerkjent Holodomor som folkemord endre

 
Kart over land som har anerkjent Holodomor som folkemord.





Kjelder endre

  1. Aftenposten: Mintes Europas glemte tragedie 23. november 2008
  2. Ifølgje avisa Klassekampen 4. oktober 2008

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre