LeFeuvre Scarp
LeFeuvre Scarp er ei ujamn, klippeliknande høgd i Antarktis på 750 moh. Ho ligg 20 km vest for Cape Reichelderfer på austsida av Palmer Land. Høgda markerer nordsida av skiljet mellom Binghambreen og ein mindre isbre utan namn like nord for. Klippa vart fotografert frå lufta av Lincoln Ellsworth i 1935, U.S. Antarctic Service (USAS) i 1940 og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) i 1947. Ho vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1947 og namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1962 etter Charles F. LeFeuvre, ein radiotelegrafist på Bruntisen i 1956, Signy Island i 1959, og Horseshoe og Stonington Island i 1960.
LeFeuvre Scarp | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 69°21′S 63°18′W / 69.350°S 63.300°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
LeFeuvre Scarp 69°21′S 63°18′W / 69.35°S 63.3°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «LeFeuvre Scarp» (innhald frå Geographic Names Information System).