Madeleine de Scudéry

fransk skribent

Madeleine de Scudéry, ofte kjend som berre mademoiselle de Scudéry (15. november 16072. juni 1701), var ein fransk forfattar av voluminøse underhaldningsromanar. Ho var den yngre systera av forfattaren Georges de Scudéry. Ho var ein del av preciositeten, les précieuses, ein litterær stil og idérørsle på 1600-talet i dei litterære salongane i Paris.

Madeleine de Scudéry

Pseudonym Sapho, Monsieur de Scudéry, M. de Scuddery, M. D. S.
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. november 1607
Le Havre
Død

2. juni 1701 (93 år)
Paris

Yrke skribent, salongvertinne, litterat, romanforfattar, lyrikar, dei franske moralistane, filosof
Språk fransk
Sjanger Nøkkelroman
Signatur
Madeleine de Scudéry på Commons

Som andre av forfattarane i tida, følgde Scudéry suksessformelen til Honoré d'Urfé sin roman L’Astrée, som var prega av usannsynlige eventyr og galanteri. Ho spesialiserte seg òg på portrettera vener og kjende lett fordekt i romanane sin saman med ein dose smiger.[1]

Liv og virke endre

 
Broren Georges de Scudéry.

Ho var fødd i Le Havre i Normandie, og det blei sagt at ho var ei enkel kvinne utan formue, men ho var særs godt utdanna. Far hennar, kaptein av hamna i Le Havre, døydde i 1613, og mora kort tid etter.[2] Madeleine og bror hennar Georges de Scudéry blei plassert hjå ein onkel, som sørgde godt for dei. Han gav Madeleine ei utdanning utanom det vanlege: ho studerte skriving, staving, teikning, dans, måleri og handarbeid. I tillegg studerte ho på eiga hand landbruk, medisin, matlaging, og lærte seg spansk og italiensk. Tekstane hennar viser òg omfattande kunnskap i oldtidshistorie, og ein går ut frå at ho studerte gresk og latin.

I 1637, etter at onkelen deira døydde, etablerte Scudéry og broren seg i Paris. Georges de Scudéry blei dramatikar. Søskenparet stod kvarandre nært og samarbeidde ofte. Då ho vende tilbake til Paris på byrjinga av 1650-åra blei ho det feirande midtpunktet i ein krets som utforma ei ny oppfatning av det «presiøse». Idealet var ein høgt utvikla selskapeleg omgang med eit sentrum beståande av ein opphøgd, åndeliggjort kjærleik. Det var i openlys reaksjon mot den «galante» preciositeten og hykleri som hadde utvikla seg i koteriet ved Hôtel de Rambouillet. Scudéry sin eigen salong blei kalla for Société du samedi («Laurdagssamfunnet»). Ho gjekk under psevdonymet «Sapho», eller sitt eige namn, og var anerkjend som den første blåstrømpa, bas bleu, i Frankrike og i verda.[3] Ho fekk ein nær venskap med Paul Pellisson som varte til han døydde i 1693. Ho gifta seg aldri.

Forfattarskap endre

 
Tittelsida på Artamène, ou le Grand Cyrus

Dei lange romanane hennar, som Artamène, ou le Grand Cyrus (10 band, 1648–53), Clélie (10 band, 1654–61), Ibrahim, ou l'illustre Bassa (4 band, 1641), Almahide, ou l'esclave reine (8 band, 1661-3) var ynda lesing i heile Europa, og anbefalt av andre litterære personlegdomar som Madame de Sévigné. Artamène, som inneheld rundt 2,1 millionar ord, er rangert som ein av dei lengste romanane som nokon gong er skriven. Forteljingane fekk den enorme lengda frå endelause samtalar og hendingar, talrike bortføringer av heltinner, tenkt og fortalt på særs sømeleg vis. Veldige opphopingar av detaljar bidrog også til den voluminøse storleiken, Clélie åleine var på rundt 7 000 sider og i ti band.[4] Lesarar i samtida likte også desse romanane fordi dei gav eit glimt av livet til viktige samfunnsmenneske.[5] Desse skikkelsane var ofte forkledde som persiske, greske og romerske krigarar og jomfruer.

Dei såkalla historiske romanane hennar nytta historia svært fritt, med usannsynlege intrigar og idealiserte personar. Men dei var òg nøkkelromanar der ein fann samtidige kjende personar avbilda; Le Grand Condé som Kyros, Madame de Longueville som Mandane og liknande.[4]

Les Femmes Illustres (1642) retta seg mot kvinner og forsvarte utdanning, som verkemiddel for sosial mobilitet for kvinner, framfor venleik eller kosmetikk. Denne teksten hadde som føremål å rettferdiggjera kvinner si deltaking i den retoriske og litterære kulturen. Han nytta kvinnelege talarar som modellar for samtalane, inkludert Kleopatra av Egypt.[5]

I Les Femmes Illustres (1642), Conversations Sur Divers Sujets (1680), og Conversations Nouvelles sur Divers Sujets, Dediees Au Roy (1684), tilpassa Madeleine de Scudéry den klassiske retoriske teorien frå Cicero, Quintilianus, Aristoteles, og sofistane til ein teori for salongkonversasjonane og brevskrivinga. Hennar Conversations Sur Divers Sujets, inkludert dialogane, dekka emne som «konversasjon», «kunsten å snakka», «småerting», «oppfinning» og «måten å skriva brev».[5] Scudéry var eit dugeleg konversasjonstalent; og det blei gjeve ut fleire verk som hevda å visa samtalekunstene hennar over ulike emne i løpet av levetida hennar.

 
Carte de Tendre eller Carte du Pays de Tendre; kart over riket til kjærleik Tendre

I Clélie, historie romaine («Clelia, romersk forteljing») oppfann Scudéry det berømte Carte de Tendre, eit kart over Tendre som eit fantasiland, eigenleg eit kart over Arkadia (paradiset i hyrderomanen), der geografien er basert på temaet kjærleiksriket.[6] Det er ei raffinert skildring av dei mange etappane til elskhug på godt og vondt. Her er 'Sjøen til likesæla' og 'Farehavet', småbyar som heiter Ømheit og Respekt eller Gløymsle og Vondskap, og vidare på liknande vis. Det endelege målet er Det ukjende landet der lengslene til kjærleiken blir oppfylt.[4]

Seinare år endre

 
Den eldre Madeleine de Scudéry

Scudéry overlevde bror sin med meir enn tretti år, og i den seinare tida av livet gat ho ut talrike band med samtalar, i stor grad trekt ut frå romanane hennar, slik at dei utgjorde ein slags antologi over forfattarskapen hennar. Til å vera den som dyrka kunsta å samtala, var Scudéry ironisk nok døv dei siste førti åra av livet.[7] Til ein viss grad gjekk ho av moten, men heldt på ei gruppe venner der ho alltid var den «uforliknelege Sapfo».[8]

Ettermæle og arv endre

Madeleine de Scudéry var ein del av ei rørsle i den seine renessansen i England og Frankrike der kvinner nytta klassisk retorisk teori. Ho fornya diskursen til å modellerast på samtale framfor den offentlege talen. Scudéry er ein av dei sentrale figurane knytt til salongsamtalen og den danna brevskrivinga.[5]

Som eit kulturelt fenomen gjekk ho etter kvart av moten og blei kontroversiell i si eiga tid. Molière dreiv satire på ho i stykkene sine Les Précieuses ridicules (1659) og Les Femmes savantes (1672). Det same gjorde Antoine Furetière i Roman Bourgeois (1666).

Den tyske forfattaren E.T.A. Hoffmann skreiv på 1800-talet det som vanlegvis blei omtalt som den første tyskspråklige detektivforteljinga med «Das Fräulein von Scuderi» hadde Mademoiselle de Scudery som ein sentral figur. Denne novella er opphavet til nemninga «Cardillac-syndromet» i psykologien.[9][10]

Bibliografi (utval) endre

  • Artamène, ou le Grand Cyrus (10 band, 1648-53)
  • Clélie, historie romaine (10 band, 1654-61)
  • Ibrahim, ou l'illustre Bassa (4 band, 1641)
  • Almahide, ou l'esclave reine (8 band, 1661-3)

Kjelder endre

  1. Breitholtz, Lennart (1979): Epoker og diktere. Vestens litteraturhistorie. Bind 1. Oslo: Gyldendal, s. 328
  2. Donawerth, Jane (2004): Selected letters, orations, and rhetorical dialogues, The University of Chicago Press, Ltd., London. ISBN 0-226-14403-8. s. 3.
  3. «Blåstrømpe» var en betegnelse på en utdannet, intellektuell kvinne.
  4. 4,0 4,1 4,2 Beyer, Edvard et al (1972): Verdens litteraturhistorie. Bind 4, Klassisismen. (forfatter Hans Sørensen), Oslo: Cappelen, s. 138
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Donawerth, Jane (våren 1992): «Conversation and the Boundaries of Public Discourse in Rhetorical Theory by Renaissance Women» i: Rhetorica 16 (2): 181–199. JSTOR 10.
  6. Munor, J. S. (1986): Mademoiselle de Scudéry and the Carte de Tendre.
  7. Donawerth, Jane (2002): Rhetorical Theory by Women before 1900. Rowman & Littlefield Publishers, Inc. ISBN 0-7425-1716-0. s. 82
  8. Chisholm, Hugh, red. (1911): «Scudéry» i: Encyclopædia Britannica (11. utg.). Cambridge University Press.
  9. Parzer, Melanie: Cardillac – eine intermediale Übersetzung. Die Novelle «Das Fräulein von Scuderi» von E.T.A. Hoffmann im Vergleich mit Edgar Reitz’ Film «Cardillac» (PDF), Magistra der Philosophie (Mag.phil.), Wien
  10. Cardillac Syndrome, arkivert frå originalen 13. mars 2016, henta 22. mai 2020 

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
  • Mongrédien, Georges (1946): Madeleine de Scudéry et son salon: d'après des documents inédits
  • McDougall, Dorothy(1972): Madeleine de Scudéry: her romantic life and death
  • Niderst, Alain (1976): Madeleine de Scudéry, Paul Pellisson et leur monde

Samandrag til forteljingane og nøklar til dei ulike figurane finst i