Legend av Tangerine Dream

Legend
Filmmusikkalbum av Tangerine Dream
Utgjeve April 1986
Innspelt 1985
Studio Tangerine Dream Berlin City Studio
Sjanger Elektronisk[1]
Lengd 40:33
Selskap MCA Records/Varèse Sarabande
Produsent Tangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi 
Pergamon
(1986)
Legend Underwater Sunlight
(1986)


Legend er det 28. albumet og det åttande filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Det kom ut i 1986 for den nordamerikanske filmen Legend. Albumet kom berre ut i USA og Canada.[2] Filmen var skriven av William Hjortsberg, med Tom Cruise, Mia Sara og Tim Curry i rollen, og var regissert av Ridley Scott for Universal Studios.[3] Albumet kom ut på CD 15. august 1995 på Varese Sarabande.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]

Bakgrunn endre

Etter ei skuffande testframvising med orkestermusikken Jerry Goldsmith skreiv for filmen, valde Scott å gjere endringar på filmen. Sidney Sheinberg, direktør i MCA (eigarane til Universal på den tida), meinte at musikken til Goldsmith ikkje appellerte til ungdomen og la press på Scott for å få ny musikk. Tangerine Dream fekk jobben med å skrive eit nytt, meir moderne lydspor - ein jobb dei fullførte på tre veker. Fram til 2002 kunne europeiske publikum berre sjå Legend med musikken til Goldsmith.

Musikk endre

«Loved by the Sun» er ein vokal versjon av «Unicorn Theme» med tekst skriven og sungen av Jon Anderson frå Yes. Vokalen vart lagt til eter Tangerine Dream hadde komponert musikken. Han vart opphavleg spelt inn med vokal av Susanne Pawlitzki basert på eit William Blake-diktet «The Angel», men vart avvist til fordel for versjonen til Jon Anderson. «Unicorn Theme» er blitt framført på fleire konsertar i forskjellige variantar.

«Is Your Love Strong Enough?», som vart spelt under rulleteksten, er skriven og sungen av Bryan Ferry med David Gilmour (frå Pink Floyd) på gitar, Guy Pratt på bass og Iain Ballamy på saksofon. Alle dei andre spora er instrumentale spor av Tangerine Dream.

Tangerine Dream hadde spelt inn eit anna stykke som ikkje kom med på det offisielle albumet, men som var med i filemn. Denne finst berre på piratkopiplater. Denne fekk tittelen «Prologue» eller «Once Long Ago».

Mottaking endre

Daevid Jehnzen frå AllMusic gav albumet 4,5 av 5 stjerner, og hylla det «atmosfæriske, elektroniske lydlandskapet» på albumet. Men han meinte òg at det ikkje heilt nådde opp til dei tidlegare albuma deira, og kritiserte popsongane til Bryan Ferry og Jon Anderson.[1] Keyboard roste albumet for at det var brukt mørkare spor, og meinte at det synte at dei «hadde meir ballar enn noko T. Dream har gjort før», men kritiserte albumet for å bruke for mykje av shakuhachi-lyden frå Emulator II-synthesizeren.[4]

Innhald endre

All musikk er komponert av Edgar Froese, Chris Franke, Johannes Schmoelling, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Is Your Love Strong Enough?»Bryan FerryBryan Ferry5:10
2.«Opening»  2:53
3.«Cottage»  3:19
4.«Unicorn Theme»  3:22
5.«Goblins»  3:00
6.«Fairies»  2:57
7.«Loved by the Sun»Jon Anderson 5:57
8.«Blue Room»  3:24
9.«The Dance»  2:23
10.«Darkness»  3:05
11.«The Kitchen/ The Unicorn Theme Reprise»  4:49

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Jehnzen, Daevid. Legend av Tangerine DreamAllmusic
  2. «Legend». Voices in the Net. Henta 15. juli 2020. 
  3. MacLean, Paul Andrew. «The Music of Legend». Ridley Scott's Legend FAQ. 
  4. «In Review». Keyboard 12 (7): 23. July 1986. Henta 19. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff endre