Opna hovudmenyen

Leif Arne Heløe (fødd 8. august 1932) i Harstad er ein norsk tidlegare politikar for Høgre, av yrke tannlege, sosialminister 1981-1986.

Leif Arne Heløe
Fødd 8. august 1932
Harstad
Yrke politikar, professor, forfattar

Leif Arne Heløe var formann i Troms Høgre 1966-1968, og ordførar i Harstad 1968- 1969. Han var ein av initiativtakarane til Festspela i Nord-Noreg.

Leif Arne Heløe praktiserte som tannlege ein del år, før han satsa på ei vitskapleg karriere. Han blei dr.odont. i samfunnsodontologi i 1974, og var professor ved Universitetet i Oslo frå 1975-1988 på det same fagområdet. Han var administerande direktør i NAVF 1988-1991. Han var Fylkesmann i Troms fylke 1991-2000.

RegjeringEndra

Han var statsråd og sjef for Sosialdepartementet (Sosialminister) 1981-1986 i Regjeringa Willoch.

KjelderEndra