Leif Hovde

norsk politikar

Leif Arne Hovde (fødd 24. april 1943 i Ålesund) er ein norsk lokalpolitikar i Ålesund, og stilte som ordførarkandidat for KrF ved Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2007. Hovde er utdanna lærar, men er særleg kjend i lokalmiljøet som drivkraft i barne- og ungdomsmiljøet, særleg gjennom speidarorganisasjonen KFUM, der arbeidet hans har vore av stor verdi for generasjonar av ålesundarar. Gjennom dette arbeidet har Hovde dyrka banda mellom Ålesund og venskapsbyen Peterhead i Skottland.

Leif Hovde
Fødd 24. april 1943
Yrke politikar

I tillegg til den lokalpolitiske verksemda og arbeidet for barn og ungdom gjennom mange år, har Hovde engasjert seg sterkt både i kyrkje- og misjonssamanheng.

Leif Hovde er bror til Steinar Hovde.

Kongens fortenstmedaljeEndra

18. april i 2007 vart Hovde overrekt Kongens fortenestmedalje i gull.

BakgrunnsstoffEndra