Opna hovudmenyen

Leif Roar Falkum (fødd 23. juni 1949) er ein tidlegare høgdehoppar frå Sunndal. Han vart norsk meister i øvinga fem gongar i tida 1971-76. Dei tre siste gongane han vart noregsmeister, 1973, 1974 og 1976, fekk han også tildelt kongepokalen for beste mannlege prestasjon under meisterskapane. Under EM 1974 i Roma kom han på sjetteplass i høgdehopp-tevlinga. Sin personlege rekord på 2,20 meter oppnådde han i slutten av august 1976 i Molde. Falkum var vekselvis medlem av IK Tjalve i Oslo og av Sunndal Idrettslag.

Leif Roar Falkum
Fødd 23. juni 1949
Sunndal
Yrke friidrettsutøvar

Falkum utdanna seg til lege med psykiatri som spesialfelt. Han er busett i Strømmen.

AktivEndra

Falkum sette personleg rekord med 2,03 m då han i 1971 vart noregsmeister i høgdehopp, framom Rune Gjengedal og Bjarte Holmeide som begge gjekk over same høgda, men hadde fleire riv. Gjennom OL-sesongen 1972 hadde han stor framgang og forbetra norsk rekord til 2,12 m, og han forsvara NM-tittelen i høgdehopp. Framgangen heldt fram i 1973, då han med eit hopp på 2,15 m vann sin fyrste kongepokal under noregsmeisterskapen friidrett i Trondheim. Noregsrekorden flytta han fleire gongar, sist til 2,17 m den 25. juli i Stockholm. Også året etter vart Falkum tildelt kongepokalen, etter å ha svinga seg over 2,17 m på Hønefoss. Før han kom dit, forbetra han noregsrekorden to gongar i juni månad, siste gongen i Helsingfors til 2,19 m. Seinare i 1974-sesongen kom han på sjetteplass under EM 1974 i Roma.

Sommaren 1976 var Falkum i sitt livs beste form. I slutten av juli månad mislukkast han i finalen og vart han nummer 14 og sist i høgdehopptevlinga under OL 1976 i Montreal. Under NM 1976 i Askim tangerte han noregsrekorden og vann sin tredje kongepokal. etter ei tett tevling med Terje Totland som stoppa på 2,17 m. Den 31. august 1976 vart Falkum, under eit stemne i Molde, fyrste nordmann til å gå over 2,20 m i høgdehopp. Seinare i si tid som aktiv nådde han ikkje dei same høgdene, han la opp etter å ha fått NM-bronsen 1978 med eit hopp på 2,10 meter.

Plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

Medaljar i norske meisterskapEndra

  • Gull: 1971, 1972, 1973, 1974 og 1976
  • Bronse: 1978

KjelderEndra