Leigefe (gammalnorsk leigufé) var husdyr som vart bortleigd til bønder som hadde meir beite eller fôr enn eigaren. Nemningar i gammalnorsk syner at det er ein gammal skikk. Han har vorte praktiser på mange måtar kringom i Noreg. Det kan sjå ut som det var vanlegast å overta ansvaret for andre sine dyr om sommaren.[1] Mange stader, som til dømes i Eidfjord i Hardanger, vart det rekna som svært viktig å få tak i leigefe, slik at dei gode fjellbeita kunne gi ekstra forteneste. Ein måte ordninga med leigefe vart praktisert på var at ei budeie hadde ansvaret for fleire buskapar. Då var det hennar arbeidskraft som vart bortleigd til inntekt for gardsbruket.

Oversikt over transport leigefe.

Mange stader, særleg ved kysten, vart fe bortleigd om vinteren òg. Den som hadde lite beite, men bra med slåttemark til å sanke vinterfôr, kunne motta dyr frå bønder som hadde gode beite og mindre slåttemark.

Leigeavtalar kunne variere mykje. Det kunne vere snakk om betaling med pengar, eller eigaren og leigaren avtalte korleis avdråtten skulle fordelast. Det vart og avtalt kven som skulle bringe eller hente dyra. Ofte vart dyr flytt langt, - òg sjøvegen. Før det var oppretta dampskipsruter, var det gjerne dei største robåtane som vart brukt til dyretransport. Dei vart forsterka med garnering, og vart utstyrte med grimefeste.

Ein del leigefe hadde andre eigarar enn bønder. Kyrkja åtte tidvis ein del dyr som dei leigde bort. Personar utan jord kunne arve husdyr. Desse vart ofte bortleigde. Leiga var pengar eller naturalia. Gulatinglova hadde eit eige kapittel Um leigekyr. Her vart det særleg lagt vekt på at kua skulle leverast attende i den stand ein mottok ho.[2] Seinare finn ein at leigekrøter vart utsett for endå hardare svelteforing enn dei andre dyra i fjøset.

Ordninga med leigefe avtok, mellom anna fordi mange setrar vart avvikla. På nokre stader utvikla leigefeordninga seg til setermeieri. Det første meieriet i Noreg var setermeieriet i Raudsjødalen i Tolga. Fellesfjøsa ein finn i dag har og likskapstrekk med leigefeordninga. Ved kysten finn ein at det vart slutt med leigefe i byrjinga av første verdskrigen.[3] Då vart fiskeprisane høge, det vart betre velstand, og det lønte seg ikkje lenger å bruke tid og krefter til slått og dyretransport.[4]

Nemningar endre

I tillegg til leigefe har det vorte brukt mange, delvis lokale, nemningar på denne ordninga. I gammalnorsk finn ein leigufé og fulgufé. Likeeins taka naut á fóðr. I seinare tid har stillingsfe vorte brukt mange stader. Lokale variantar er: framandkyr (på Austlandet og i Trøndelag), drottkyr (Nordmøre og Nord-Østerdalen), sellingskyr (Sunndal), vaktefe (Hallingdal), fraktekrøter (Hardanger), takekyr (Sunnmøre) og hegningskrøter (Setesdal). Kyr som vart vekkleigde om vinteren vart kalla fodekyr på Sunnmøre.

Kjelder endre

  • Lars Reinton: Til seters. Det Norske Samlaget 1969.
  • Asbjørn Øye: Fodekyrskipnaden i Ørsta i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1987
  • Kristoffer Visted og Hilmar Stigum: Vår gamle bondekultur band I. Oslo 1970.
  • Gulatinglovi. Det Norske Samlaget 1937

Fotnotar endre

  1. L. Reinton s. 32
  2. Gulatinglova. Kap. 8 i Kjøpebolken
  3. A. Øye
  4. Visted I s.255