Budeie er ei tradisjonell yrkesnemning for ei kvinne som har ansvaret for fjøsstellet på ein gard eller seter.

Budeia var særleg knytt til stell av kyrne. Her er ei kvinne som mjølker på eit museum i England.
Foto: William M. Connolley
Gammalt fjøs på Maihaugen med seng for budeia.
Foto: Øyvind Holmstad

Arbeidsområde endre

Budeia på garden var som regel bondekona sjølv, men kunne også vera eit anna kvinneleg familiemedlem eller ei tenestejente. Arbeidet hennar kunne vera å fora og stella storfe og småfe, og å mjølka og omarbeidde mjølka til fløyte, smør og ost. Ei seterbudeie styrte drifta av ei seter åleine.

Ei god budeie måtte også kunne lokka, det vil seia synga for å samla husdyra. Fleire komponistar er blitt inspirerte av denne særeigne songforma, mellom anna Edvard Grieg, som særleg brukte songane til Gjendine Slålien i verka sine.

Fram til 1800-talet var fjøsstell eit reint kvinneyrke i Noreg, og dei fleste steder haldt dette fram til byrjinga av 1900-talet. Det mannlege motstykket til budei oppstod frå rundt 1815 i form av sveiseren. Etter kvart førte automatisering av landbruket, som mjølkemaskinar, meieri og automatisk fôring, til mindre tarv for budeier i samband med dyrehald.

Syn på budeia endre

I store delar av det indre Austlandet var det vanleg at budeia hadde soveplass i fjøset. Eilert Sundt skreiv mykje om dette i avhandlinga Sædeligheds-Tilstanden i Norge, og starta ein kampanje for å få slutt på skikken.

Omgrepet «budeie» er i nyare tid brukt om ei sjølvstendig kvinne, til dømes i samband med kåringa av «årets budeie».

Kjelder endre