Leikanger Mållag
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Leikanger Mållag».
Leikanger Mållag er eit lokallag i Noregs Mållag som held til i Leikanger i Sogndal kommune. Leiaren i laget er den tidlegare fjernsynsmannen Henning Rivedal. Laget har lege nede nokre år, men aktiviteten vart teken opp att under rettskrivingsdebatten i 2011. Bjørn S Sølsnæs var laget sin landsmøteutsending i 2012. Leikanger Mållag har markert seg imot den nye rettskrivinga.