Leirvík
Leirvík (færøysk ['lorvuik], dansk: Lervig) er ein tettstad på Færøyane. Leirvík har ei hamn som er viktig for kommunikasjonane på austkysten til den nest største av Færøyane, Eysturoy.
- Innbyggjarar: 867 (31.12.2002)
- Postnummer: FO-520
- Kommune: Leirvíkar kommuna
Leirvíkar kommuna vert utgjort av denne eine staden.
Arkeologiske utgravingar syner at vikingar på 800-talet busette seg i området. I åra etter 1349 skal alle innbyggjarane ha døydd av pesten Svartedauden.
I 2003 byrja ein å byggja ein undersjøisk tunnel til Klaksvík. Tunnelen skal verta ferdig hausten 2005. Trafikk til øya har gått med ferje eller båt.
Bakgrunnsstoff
endre- Leirvik.fo - Leirvik.fo Arkivert 2008-12-24 ved Wayback Machine. (på færøysk)
- Faroeislands.dk: Leirvík (Info og foto)
Sjå òg
endre- Leirvik på øya Stord i Sunnhordland i Noreg.
- Lerwick på Shetlandsøyane nord for Skottland