Lena Solli Reimann

Lena Solli Reimann (fødd 21. september 1969) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Skien som tevla i hekkeløp. Perioden 1991-96 vart ho firfaldig noregsmeister i 100 meter hekk. Ho var medlem i IF Herkules, Lambertseter IF og frå 1994 SK Vidar.

Lena Solli Reimann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. september 1969 (54 år)
Malmö
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Solli sette i 1990 personbeste i 100 meter hekk med 13,71 sekund. Året etter flytta ho bestetida til 13,68, dessutan sikra ho seg sin fyrste NM-tittel i øvinga etter eit jamnt løp med Anne Brit Skjæveland. Solli forsvarte i 1992 NM-tittelen med minst mogleg margin, 0,01 sekund, i kamp med Monica Grefstad. I 1993 forbetra ho bestetida si til 13,59 sekund. Den store framgangen kom i 1995-sesongen. Ho flytta den personlege rekorden til 13,40 i april, deretter til 13,32 og 13,26 i løpet av juni. Midt i august fekk ho notert 13,22, før ho seks dagar seinare smekka til med 13,02 under noregsmeisterskapen på Lillehammer. Den 24. mai 1996 forbetra ho den norske rekorden til 12,94 sekund då ho sigra i eit stemne i tyske Rhede. Ho fekk delta i dei olympiske leikane i Atlanta der ho tok seg vidare frå forsøket med tida 13,13. I kvartfinalen sprang ho på 13,30 og vart nr 31. Etter å ha vunne sitt fjerde NM-gull var ho plaga med skade, og la opp.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Lena Solli gifta seg med ein sveitsar og utvandra til Sveits.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre