Lerkendal stadion

(Omdirigert frå Lerkendal Stadion)

Koordinatar: 63°24′44″N 10°24′17″E

Lerkendal stadion er eit fotballstadion i bydelen Lerkendal i utkanten av Trondheim sentrum, og er heimebanen til Rosenborg Ballklub. Det vart opna 10. august 1947. Tilskodarrekorden er 28 569 og vart sett i seriefinalen mot Lillestrøm Sportsklubb den 15. oktober 1985. I dag er kapasiteten berre 21 850 tilskodarar (21 620 internasjonalt). Dette skuldast at det var ein stor ståtribune på Lerkendal før, og at det var ståplassar i klokkesvingen. Etter fleire ombyggingar på 1990- og byrjinga av 2000-talet framstår stadionet som eit av dei mest moderne i Noreg.

Lerkendal stadion

Adresse Klæbuveien 125,
7492 Trondheim
Eigar Lerkendal Stadion AS
Drift Lerkendal Stadion AS
Brukarar Rosenborg Ballklub (fotball)
Underlag Naturgras
Kapasitet 21 850/21 620 UEFA
Arkitekt Stadsingeniørkontoret
Pris 252 millionar (2002)
Historiske årstal
Påbegynt
Opna
1947
Stengd
Lerkendal stadion i 1947

I 2005 vart det òg gjort initiativ for å gjere Lerkendal til ein nasjonal konsertarena, og 19. august same år gjekk Lerkendal Live '05 av stabelen. På programmet stod Kaizers Orchestra, Hellbillies, Wig Wam, D.D.E. og Ravi & DJ Løv, som til saman heldt ein konsert på mellom fire og fem timer. 22 juli 2008 spelte òg Iron Maiden på Lerkendal.

Store deler av verksemda til Rosenborg skal flyttast til Lade. Der skal Rosenborg bygje ein ny storhall i samsvar med krava til UEFA, og det skal òg pussast opp fleire treningsbaner til idretten. På Lerkendal-området skal framleis dei store kampane til Rosenborg spelast, men dei tidlegare treningsbanane skal omgjerast til næringsbygg og storhotell.[treng kjelde]

I samband med ein felles norsk-svensk søknad om å arrangere fotball-EM i 2016, var Trondheim kandidat for å vere ein av vertsbyane. Lerkendal skulle då utvidast til å romme 40 000 sitteplassar, noko om vil si ein stor utbygging av dagens stadion. Etter at det vart annonsert at fotball-EM 2016 gjekk til Frankrike, vart desse planane skrinlagt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre