Opna hovudmenyen
Letting Go
Singel av Wings
frå albumet Venus and Mars
B-side «You Gave Me the Answer»
Utgjeve 4. oktober 1975 (USA)
18. oktober 1975 (Storbritannia)
Innspelt November 1974
Sjanger Bluesrock
Lengd 4:30
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Paul McCartney, Linda McCartney
Produsent Paul McCartney
Wings-kronologi
«Listen to What the Man Said»
(1975)
Letting Go «Venus and Mars/Rock Show»
(1975)


«Letting Go» er ein song av Paul og Linda McCartney som først vart gjeven ut av Wings i 1975 på albumet deira Venus and Mars. Songen vart miksa og gjeven ut på singel 4. oktober 1975 i USA og 18. oktober 1975 i Storbritannia. Songen nådde 41. plassen i Storbritannia og 39. plassen i USA.[1][2]

InnspelingEndra

Songen vart spelt inn seint i 1974 i Abbey Road Studios, før bandet drog til New Orleans for å spele inn det meste av Venus and Mars.[3] Det er ein av berre tre songar på albumet med trommeslagaren Geoff Britton, som berre var i gruppa ei kort stund før han slutta.[4]

Andre versjonarEndra

«Letting Go» er blitt spelt av Ian Mitchell på albumet Garage Band Tribute To the Beatles.[5][6]

I 2014 vart songen spelt av HeartThe Art of McCartney.[7]

KjelderEndra

  1. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 20. mai 2018. 
  2. «Paul McCartney singles». allmusic. Henta 20. mai 2018. 
  3. Blaney, J. (2007). Lennon and McCartney: together alone : a critical discography of their solo work. Jawbone Press. s. 108–110. ISBN 978-1-906002-02-2. 
  4. Rodriguez, R. (2010). Fab Four FAQ 2.0: The Beatles' Solo Years 1970-1980. Hal Leonard. s. 211. ISBN 978-0-87930-968-8. 
  5. «Garage Band Tribute To the Beatles». Allmusic. Henta 20. mai 2018. 
  6. «Paul McCartney covers». Allmusic. Henta 20. mai 2018. 
  7. «The Art of McCartney». Allmusic. Henta 20. mai 2018.