Opna hovudmenyen

Paul McCartney and Wings, eller berre Wings, var eit rockeband skipa i 1971 av det tidlegare Beatles-medlemmet Paul McCartney med kona i Linda på klaverinstrument, trommeslagaren Denny Seiwell, og den tidlegare Moody Blues-gitaristen Denny Laine. Wings var kjende for mange utskiftingar i besetninga og for den store suksessen sin. Dei hadde tre forskjellige gitaristar og fire trommeslagarar. Kjernen med McCartney-partet og Laine vart verande så lenge gruppa eksisterte.

Paul McCartney and Wings
Fil:Wings 1976.jpg
Wings, 1975. V-H: Joe English, Denny Laine, Linda McCartney, Jimmy McCulloch og Paul McCartney.
AliasSuzy and the Red Stripes
The Country Hams
OpphavEngland
Aktiv1971–1981
SjangerRock, softrock[1][2][3]
PlateselskapApple, Capitol, Parlophone, Columbia
Tidlegare medlemmer

Etter McCartney-paret gav ut albumet Ram i 1971, vart dei to første albuma til bandet Wild Life og Red Rose Speedway (sistnemnde med gitaristen Henry McCullough), rekna som skuffande samanlikna med musikken Paul McCartney skreiv for The Beatles. Etter dei gav ut tittelsporet til James Bond-filmen Live and Let Die, slutta McCullough og Seiwell i bandet. McCartney-paret og Laine gav så ut Band on the Run i 1973, som vart ein stor suksess blant både kritikarane og fansen og gav to Topp 10-singlar med «Jet» og tittelsporet. Etter dette albumet henta bandet inn gitaristen Jimmy McCulloch og trommeslagaren Geoff Britton, men Britton slutta kort tid etter og vart erstatta av Joe English. Med den nye besetninga gav Wings ut Venus and Mars, med den amerikanske hitsingelen «Listen to What the Man Said», og drog ut på ein særs suksessrik verdsturné i 1975–76. Wings at the Speed of Sound kom ut midtvegs i turneen og inneheld hitsinglane «Silly Love Songs» og «Let 'Em In».

I 1977 gav bandet ut den einaste singelen deira som gjekk til topps i Storbritannia, «Mull of Kintyre», som vart den då bestseljande singelen i Storbritannia i historia. Det vart fleire utskiftingar i Wings då både McCulloch og English slutta før London Town kom ut i 1978. McCartney og Laine henta igjen inn nye medlemmar, gitaristen Laurence Juber og trommeslagaren Steve Holley. Albumet som kom ut av det, Back to the Egg, vart forholdsvis mislukka, og bandet vart sett på vent. Trass i ein siste song på toppen av den amerikanske singellista, eit konsertopptak av McCartney sin solosingel «Coming Up», vart Wings lagt ned for godt då Laine slutta i bandet i 1981.

Innhaldsliste

MedverkandeEndra

TidslinjeEndra

 

BesetningarEndra

1971–1972
1972–1973
  • Paul McCartney – vokal, bassgitar, gitar, klaverinstrument
  • Linda McCartney – vokal, klaverinstrument
  • Denny Laine – vokal, gitar, bass, piano
  • Henry McCullough – vokal, guitar
  • Denny Seiwell – trommer, perkusjon
1973–1974
  • Paul McCartney – vokal, bass, gitar, klaverinstrument, trommer
  • Linda McCartney – vokal, klaverinstrument
  • Denny Laine – vokal, gitar, bass, piano
1974–1975
  • Paul McCartney – vokal, bass, gitar, piano
  • Linda McCartney – vokal, klaverinstrument
  • Denny Laine – vokal, gitar, bass, piano
  • Jimmy McCulloch – vokal, gitar, bass
  • Geoff Britton – trommer, perkusjon
1975–1977
  • Paul McCartney – vokal, bassgitar, gitar, piano
  • Linda McCartney – vokal, klaverinstrument
  • Denny Laine – vokal, gitar, bass, piano
  • Jimmy McCulloch – vokal, gitar, bass
  • Joe English – vokal, trommer, perkusjon
1977–1978
  • Paul McCartney – vokal, bass, gitar, piano, trommer
  • Linda McCartney – vokal, klaverinstrument
  • Denny Laine – vokal, gitar, bass, piano
1978–1981
  • Paul McCartney – vokal, bassgitar, gitar, piano
  • Linda McCartney – vokal, klaverinstrument
  • Denny Laine – vokal, gitar, bass, piano
  • Laurence Juber – vokal, guitar
  • Steve Holley – vokal, trommer, perkusjon

DiskografiEndra

KjelderEndra

  1. «Milestones, Sep. 26, 1977». Time. 26. september 2007. Henta 19. mai 2018. 
  2. Johnstone, Andrew (6. februar 2015). «A General Guide to Soft Rock». Rip It Up. Arkivert frå originalen 10. februar 2015. Henta 19. mai 2018. 
  3. uao (3. juli 2005). «Sunday Morning Playlist: Soft Rock». Blogcritics. Arkivert frå originalen 19. mai 2018. Henta 19. mai 2018.